Utløpt

Vil du vere med å løyse og utvikle oppgåvene våre?

Arbeidsgiver
Teknisk drift, VVA
Stillingstittel
Drifts - og vedlikehaldsfagarbeidar, elektrikar i fast stilling
Frist
01.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Vi skal tilsetje ein elektrikar i 100 % fast stilling, då vi utvidar teamet vårt frå tre til fire elektrikarar. Oppmøtestad er driftstasjonen på Alverflaten. Arbeidstida er i utgangspunktet frå kl. 7.30 - 15.00.

Om Bygg, anlegg og elektro 

Dei viktigaste oppgåvene i avdelinga er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg. Vi har i dag over 160.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 365 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal. Vi har tre driftstasjonenar i avdelinga, lokalisert på Alverflaten, Manger og Frekhaug. Samla tilsette i avdelinga er 45. Arbeidsområdet er Alver kommune.

Arbeidsoppgåver

Som elektikar er du ein av fire elektrikarar i avdelinga som i hovudsak har ansvar for vedlikehald av:

  • tekniske installasjonar i kommunale bygg og leilegheiter
  • internkontroll på kommunale bygg og leilegheiter
  • brannalarmanlegg
  • adgangskontroll
  • data og telefonlanlegg

Kompetansekrav

  • Du har fagbrev som elektrikar  
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

  • Kjennskap til dataspredenett
  • Kjennskap til SD anlegg
  • Kjennskap til styring/automasjon. KNX- Dali 
  • Grunnleggande evner i bruk av dataverktøy  
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg godt

Våre forventningar til deg

  • Pliktoppfølgande
  • Positiv
  • Lojal
  • Serviceinnstilt
  • Sjølvstendig og samarbeider godt

Vi tilbyr

  • Utfordrande, meinigsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente kollegaer
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar
  • Lønn og tilsetjingvilkår etter lov- og avtaleverk
  • Trygg og god arbeidsplass
  • Fleksitid

 

Slik søker du

Høyres dette interessant ut for deg? Send oss ein søknad her.

Lurer du på noko rundt stillinga, kan du ta kontakt med Knut. Treng du hjelp med registrering av søknad, kontakt HR v/ Hilde pr. e-post: hilde.kleivdal@alver.kommune.no 

 

 

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Sektor
Offentlig
Sted
5914 Isdalstø
Bransje
Håndverkstjenester,
Elektronikk
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker,
Driftsoperatør/vaktmester

Nøkkelord

elektriker, vedlikehold, offentlig, variert, kommune

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut Hopland
Telefon
91 60 01 89
Følg firma
413 følger dette firmaet

5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 204534077
Sist endret 14. jan. 2021 14:52

Rapporter annonse