ER DU KLAR FOR EI SPENNANDE UTFORDRING?
- Arbeidsgiver
- Hardanger Folkeblad AS
- Stillingstittel
- Medierådgiver med digital kompetanse
- Frist
- 19. januar
- Ansettelsesform
- Vikariat
Våre aviser Hardanger Folkeblad og Kvinnheringen skal tilsetja medierådgivarar i vikariat.
ER DU KLAR FOR EI SPENNANDE UTFORDRING?Våre to aviser treng to svoltne medierådgivarar med digital forståing og kompetanse som kan vera med på å styrka teamet i alle fall ut 2021. I begge vikariata ønskjer vi rask tiltreding og i begge er det moglegheit for fast stilling, etter kvart.
Våre lokalaviser er dei desidert sterkaste marknadskanalane i sitt dekningsområde, og har ein sterk posisjon blant kundane. Derfor er vi på jakt etter svoltne medierådgivarar, som er klare til å imponera kundane våre.
Som medierådgivar skal du selja våre tradisjonelle flater på print, men først og fremst ha eit digitalt fokus og god forståing av kunden sine mange digitale moglegheiter - både på våre og andre kanalar.
Vårt mål som rådgivarar er at vi skal "Kjenna våre kundar best og gi dei best effekt - i heile Norge".
Kvalifikasjonar
o Utdanning og erfaring innanfor sal, marknadsføring og/eller media
o Trygg på å presentera tilbod og løysingar framfor folk
o Solid forståing av digitale flater
o God erfaring og sertifisering på Google adwords er ønskjeleg
o Erfaring med analyse/innsiktsverktøy som Google Analytics
o Resultatorientert
o God kjennskap til Powerpoint, Keynote eller liknande.
o Evne til å endra seg i takt med marknad og ny teknologi
o Språk: Norsk og Engelsk - god formidlingsevne skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
o Du er omgjengeleg og likar å jobba i team, men er sjølvgåande ved behov
o Du er strukturert og nøyaktig
o Du har kommersiell teft
o Du har høg arbeidskapasitet, og kan jobba i høgt tempo
o Du er god til å kommunisera og forenkla bodskap
Arbeidsoppgåver:
- Du blir ein del av Amedia region Haugalandet sitt salsteam
- Som medieraÌ?dgivar har du ansvar for eigne salsbudsjett, og å bygga og utvikla kundeportefølje
- Delta aktivt i kundemøte, byraÌ?møte, pitchar og presentasjonar
- Laga skalerbare løysingsforslag, presentasjonar og skisser
- Dela innsikt og vera raÌ?dgivar for kundar og salsteam
For rett person vil vi tilby spennande karriere- og utviklingsmoglegheiter i regionen sitt leiande mediemiljø og eitt av dei mest offensive mediekonserna i Norge. I tillegg får du gode løns- og arbeidsvilkår, løpande kompetanseutvikling og gode kollegaer.
SØKNADSFRIST 10. JANUAR 2020
Spørsmål eller søknad med CV kan du senda til Vidar Jenssen, salsdirektør Amedia, region Haugalandet på mail: vidar.jenssen@amedia.no
Om arbeidsgiveren
Hardanger Folkeblad held til i Odda og dekker kommunane Odda, Ullensvang, Eidfjord og Jondal. Avisa har 11 tilsette og eit opplag på 4.713. Vi har 9.000 lesarar på papir, 3.600 på nett og 2.100 på mobil. Hardanger Folkeblad er eigd av Amedia, landets største lokalaviskonsern.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Tyssedalsvegen 10A, 5750 Odda
- Bransje
- Markedsføring og annonsering,
- Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon
- Salg / Løsningssalg,
- Salg,
- Rådgivning
Nøkkelord
Digital annonsering, Salg av annonser, Medierådgivning, Medierådgiver, Medie og annonsesalg
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Vidar Knædal Jenssen
- Stillingstittel
- Salgsdirektør
- Telefon
- 92 48 86 46
Tyssedalsvegen 10A, 5750 Odda