Inaktiv

iVest Consult treng fleire medarbeidarar

Arbeidsgiver
iVest Consult
Stillingstittel
Sivilarkitekt
Frist
01.03.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi søker ein erfaren Sivilarkitekt

 

Vår oppdragsmengd aukar og vi ynskjer difor å få tilsett ein erfaren sivilarkitekt. Vi skisserer, prosjekterer, modellerer og utarbeider komplette anbodsgrunnlag for både private og offentlege aktørar. Våre oppdrag er gjerne knytt til arkitektur for seg, eller i kombinasjon, og ofte også i samanheng med fleire andre fagfelt, som t.d. konstruksjon, VVS, elektro og fornybar energi. 


Vi ynskjer at du:

  • Har godt humør og engasjement og trivast med høgt tempo.
  • Er utdanna sivilarkitekt.
  • Helst har 8 års relevant yrkeserfaring innan arkitektur, men arkitektar med mindre erfaring vert også oppmoda om å søkje
  • På litt sikt, kan gå inn i rolla som anten avdelingsleiar for arkitektur, eller fagansvarleg
  • Kan gå rett inn i rolla som ansvarleg arkitekt, prosjektansvarleg og eventuelt PGL i byggeprosjekt.
  • Har stor interesse for og god kunnskap innanfor programvare tilknytt fagområdet.
  • Har gode evnar og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Har gode leiareigenskapar.
  • Har gode evnar til skriftleg og munnleg framstilling på norsk.


Vi kan tilby:

  • Kontorstad anten i Florø, Stryn, Sandane eller Førde. Det vil også vere mogleg med ein del heimekontor. Ein må imidlertid rekne med å vere minimum ein dag i veka på hovudkontoret i Florø.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Spanande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde.
  • Ein arbeidsplass med fokus på miljø – både fagleg, i utføring av arbeidsoppgåver og sosialt.
  • Konkurransedyktige tilsetjingsvilkår og tilbod om medeigarskap.
  • Flotte lokalar.


For meir informasjon om oss, sjå inn på: www.ivestconsult.no


Søknad og CV sendast til Jan Inge Hage.

Seinast 01.03.2021. Merk søknad med "Sivilarkitekt"

Kontaktpersonar: Rune Melvær tlf. 474 77 136/ Jan-Inge Hage, tlf. 975 11 472

Om arbeidsgiveren

iVest Consult AS er eit rådgjevande ingeniør og arkitektselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, miljø, energi og vasskraft. iVest Consult er eigd av dei tilsette og er eit selskap med fagleg dyktige menneske i kontinuerleg utvikling. Som tilsett i iVest Consult får du tilbod om medeigarskap. Selskapet har i dag 32 tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.

Vårt hovudkontor er i Sentrum av Florø ved bryggekanten, der vi har kontor i flotte lokalar i 3. og 4. etasje av Strandgata 15 og 17/ eller Horne brygge. Vi arbeide i eit spanande fagmiljø med reklamebyrå, advokatar, finans, rekneskap, fiskeri og havbruk m.m. Vi har også avdelingskontor/satellittar i Stryn, på Sandane og i Førde.

Søknad: post@ivestconsult.no

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Strandgata 15-17, 6905 Florø
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg,
Annet
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging,
Arkitekt og planlegging / Arkitekt,
Design

Nøkkelord

arkitekt, revit, arkitektur, sterkt fagmiljø, utviklingsteam

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Inge Hage
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
975 11 472
Mobil
975 11 472
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Strandgata 15-17, 6905 Florø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 204329801
Sist endret 15. feb. 2021 09:26

Rapporter annonse