Utløpt

Fyrstekonsulent / Rådgjevar / Seniorrådgjevar  

Arbeidsgiver
NOKUT
Stillingstittel
Fyrstekonsulent / rådgjevar / seniorrådgjevar
Frist
24.01.2021
Ansettelsesform
Engasjement

Vil du jobbe med å styrkje utanlandsk utdanning? 

Avdeling for utanlandsk utdanning godkjenner utanlandsk høgare utdanning, fagskuleutdanning, fag- og yrkesopplæring og utanlandske yrkeskvalifikasjonar i skule og barnehage.

Vi gir også kompetansevurderingar og råd til arbeidsgjevarar og UH-institusjonar og har ansvar for informasjon og rettleiing om godkjenning av utanlandsk utdanning til søkjarar, arbeidsgjevarar, lærestader, integreringsapparatet og samfunnet elles. Vi svarer årleg på over 12 000 spørsmål på e-post, telefon eller ved personleg oppmøte. Assistansesenteret for yrkeskvalifikasjonsdirektivet ligg også i avdelinga. Avdelinga har i dag 54 tilsette og er delt inn i fire seksjonar.  

Vi har no to ledige engasjement som varer ut 2021 som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar i avdelinga. Snarleg tiltreding er ønskjeleg.  

Ansvarsområdet til dei to mellombelse stillingane vil i hovudsak vere sakshandsaming for godkjenning av utanlandske pedagogiske yrke, men andre arbeidsoppgåver kan bli tildelt etter ei kompetansevurdering av dei som vert tilsett.  

Arbeidsoppgåver

Avdelinga har ein brei og variert arbeidsportefølje. Det er venta at dei tilsette bidreg til dette arbeidet. Arbeidsoppgåvene inkluderer blant anna å: 

  • Handsame søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning og/eller yrkeskvalifikasjonar
  • Rettleie søkarar (søkjarar) og representantar frå kunnskaps- og utdanningssektoren og integreringsfeltet om godkjenningsordningane i Noreg
  • Løyse andre oppgåver som ligg under avdelinga sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

Du må kunne vise til: 

  • høgare utdanning på minimum mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning på masternivå
  • god forståing av norsk og engelsk, og kunne bruke begge som arbeidsspråk
  • gode IKT-kunnskapar, medrekna god kjennskap til Office-pakken. 

Det er ein fordel at du har:

  • kjennskap til Public 360, Pureservice og/eller EU sitt  sakshandsamingssystem IMI
  • erfaring frå tilsvarande arbeid innan offentlege informasjonstenester, gjerne frå verksemder innan kunnskaps- og utdanningssektoren eller integreringsfeltet
  • kompetanse i fleire språk enn norsk og engelsk. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er påliteleg, imøtekomande og nytenkjande. Det er viktig at du har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig,  men også at du syner gode samarbeidsevner. Du må jobbe effektivt og kunne handtere stramme tidsfristar og høgt arbeidspress. Du må også ha gode evner til å kommunisere med ulike menneskje i ulike situasjonar. 

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid, treningsfasilitetar og gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Lyse og moderne lokale sentralt på Lysaker med 10 min. til Oslo sentralstasjon
  • Lønn etter kvalifikasjonar frå kr. 466.500 til 630.500 (tilsvarande lønnstrinn 52 til 69). Stillings- og lønnsinnplasssering heng saman med kvalifikasjonar som fyrstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn diskuterast

Andre forhold

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, personar med redusert funksjonsevne og hol i CV'en. NOKUT bidreg til regjeringa sin inkluderingsdugnad. 

Dersom ein søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på den offentlege søkjarlista, må dette grunnast. Opplysningar om ein søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren sjølv har bedt om konfidensiell handsaming. Søkjaren blir varsla dersom ønskjet om reservasjon ikkje blir tatt til følgje, jf. offentleglova §25.  

Vi tek sikte på å gjennomføre følgjande plan:? 
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju så snart som råd, og intervjua vil etter planen skje i veke 5 og 6. 

Om arbeidsgiveren

NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen - er et faglig uavhengig forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUTs formål er å sikre og fremme kvalitet i utdanning ved: 

  
- å føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten i norsk høyere utdanning og høyere yrkesfaglig utdanning

   - å
godkjenne og informere om utenlandsk utdanning og informere om mulighetene for godkjenning av utenlandsk utdanning og kompetanse i Norge


NOKUTs arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten på norsk høyere utdanning og fagskoleutdanning samt godkjent utenlandsk utdanning. NOKUT har ca. 150 ansatte og holder til i Drammensveien 288 på Lysaker. Se www.nokut.no for mer informasjon.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Drammensveien 288, 0283 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helén Sophie Haugen
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
92 23 70 41
Kontaktperson
Kine Grorud
Stillingstittel
HR rådgiver
Telefon
90 21 98 65
Følg firma
649 følger dette firmaet

Drammensveien 288, 0283 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 204226378
Sist endret 11. jan. 2021 16:01

Rapporter annonse