Utløpt

Seniorrådgjevar/rådgjevar - trafikktryggleik

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Seniorrådgjevar/rådgjevar innan trafikktryggleik
Frist
17.01.2021
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Stillinga er lagt til eininga utgreiing, seksjon for forvaltning og utgreiing. Hovudoppgåva til stillinga er å delta i fylkeskommunen sitt viktige arbeid med tra?kksikkerheit. Som rådgjevar innan tra?kksikkerheit vil du vere med i ei faggruppe. Stillinga inneber mykje ekstern kontakt, både mot kommunar, verksemder og private. Arbeidsstad er Bergen. Tilsetting så snart som mogleg.

Arbeidsoppgåver

  • Sekretariatsoppgåver knytt til fylkestrafikksikringsutvalet (FTU)
  • Prioritering og oppfølging av trafikksikringstiltak på ulike nivå.
  • Innspel og formelle uttalar til offentlege og private planar. 
  • Svare ut førespurnader frå kommunar, verkemder og private knytt til tra?kktryggleik på vegne av fylkeskommunen
  • Sikre god samhandling med seksjonane på avdelinga og andre viktige samarbeidspartnarar i saker som berører tra?kktryggleik.
  • Bistå inn i arbeidet med å koordinere og utarbeide politiske saker på INV, samt vere med i ulike søknadsprosessar.

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav

  • 5 års høgare utdanning fra universitet eller høgskule (t.d. ingeniør, arealplanleggar, samfunnsgeograf, jurist). 
  • Krav til utdanning kan fråvikast ved relevant erfaring innenfor de aktuelle fagområdene.  

Ønska kvalifikasjonar

  • Arbeidserfaring frå offentleg forvaltning og forståing av grensesnittet mellom offentleg forvaltning og politikk.
  • Erfaring frå arbeid med trafikktryggleik i det offentlege og koordinering av prosessar knytt til arbeidsområdet som ligg til stillinga 
  • Arbeidserfaring med trafikktryggleik, veg-, transport- og arealplanlegging
  • Kunnskap om lovverk og rammeverk som er relevante for arbeidsoppgåvene til stillinga
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
  • Løysingsorientert 
  • Evne til fagleg utvikling og kunnskapsdeling
  • Gjennomføringsevne
  • Evne til å skape tillit og aksept

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø ? 
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar Utgreiing Carl Erik Nielsen på telefon, 916 66 160.

Anna informasjon

Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. 

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Jurist,
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger

Nøkkelord

trafikktryggleik

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Carl Erik Nielsen
Stillingstittel
Leiar utgreiing
Telefon
91 66 61 60
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 202259026
Sist endret 21. des. 2020 14:00

Rapporter annonse