Utløpt

Vedlikehaldsplanleggar

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Vedlikehaldsplanleggar
Frist
18.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg treng fleire flinke medarbeidarar, og vi søker no etter ein vedlikehaldsplanleggar som ønsker utfordrande og spennande oppgåver innan eigedom, bygg og anlegg. Regionen si breie portefølje av bygg og infrastruktur er heilt avhengig av god plan og struktur for å oppnå godt vedlikehald og opprettehalde funksjonsverdien for Forsvaret. Arbeidsstad vil vere Ørland eller Værnes. 

Region midt spenner seg frå Setnesmoen i sør til Drevjamoen i nord, med mest aktivitet på Ørland, Værnes og Trondheim. Eigedomsforvalting sitt ansvar er å forvalte, drifte og vedlikehalde eigedom, bygg og anlegg som Forsvarsdepartementet eig og som Forsvaret leiger. 

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova - jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og oppdatere fornyingsplan for regionen. Det skal leggast vekt på å konsekvensbeskrive utsetting av dei respektive tiltaka som er fremma i planen. Planen skal bli utarbeidd i samarbeid med resten av fagpersonellet
  • Utarbeide og oppdatere ein treårig vedlikehaldsplan og plan for mindre investeringar for regionen
  • Følge opp vedlikehaldsproduksjonen gjennom året, og fortlaupende dokumentere eventuelle endringar i planen
  • Utarbeide og oppdatere ein femårig plan for kva inventar som skal tilstandsanalyserast, slik at krav om at 20% av porteføljen skal vurderast årleg blir oppnådd. Tilstandsanalysane skal bli brukt ved utarbeiding og framsending av vedlikehalds- og fornyingstiltak
  • Sjå til at alle skadar, feil og manglar registrerast og blir fulgt opp iht. vedtatte retningslinjer
  • Gjennomføre dialog internt i Forsvarsbygg og eksternt (med Forsvaret) om vedlikehalds- og fornyingsbehov

Kvalifikasjonar

  • Formell teknisk utdanning på høgskulenivå (bachelor). Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå bygg og anlegg
  • God økonomiforståing
  • Førarkort klasse B
  • Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg/NATO Secret

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst og initiativrik
  • God gjennomføringsevne 

Vi tilbyr

  • Lønn som overingeniør (kode 1087) frå 575 600,- til 658.300,- (lønnstrinn 64-71)
  • Ein hektisk og spennande jobb blant gode kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Sted
Stjørdal eller Ørland, 7500 Stjørdal
Flere arbeidssteder
  • 7129 Brekstad
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Forsvar og militær
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Planlegger,
Rådgivning

Nøkkelord

vedlikehold, planlegger, planlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Morten Sydskjør
Stillingstittel
Leiar fag og prosjekt
Telefon
93 48 39 81
Kontaktperson
Eldar Tøraasen
Stillingstittel
Leiar stab
Telefon
92 01 75 78
Følg firma
3046 følger dette firmaet

Stjørdal eller Ørland, 7500 Stjørdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 202248797
Sist endret 21. des. 2020 12:51

Rapporter annonse