Inaktiv

Kvalitetsleiar (QA/HSE)

Arbeidsgiver
Lingalaks AS
Stillingstittel
Kvalitetsleiar (QA/HSE)
Frist
10.01.2021
Ansettelsesform
Fast

Kvalitetsleiar (QA/HSE) har overordna ansvar for at kvalitetssystema verkar og blir fylgt opp. I tillegg skal du sikra kvaliteten på prosessane og produktet i verdikjeda. Du vil arbeida med vidare utvikling av rutinar for kvalitetssikring og produksjonsoptimalisering. Me har stort fokus på berekraft, og arbeid innan dette vert sentralt framover. Stillinga inngår i leiargruppa, og rapportera til dagleg leiar. 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Fylgja opp og bidra til å vidareutvikla verksemda sitt IK-system, inkl. risikomodul
  • Gjennomføra, leia og bidra til oppfylging av risikoanalyseprosessar
  • Sikra god dialog og erfaringsoverføring med alle delar av organisasjonen
  • Vidareutvikla og fylgja opp HMS-årshjul, samt kvalitets- og prosjektplanar
  • Bidra i vidareutvikling av revisjonsplanar og leia gjennomføring av verifikasjonar/revisjonar 
  • Ivareta beredskapsfunksjon og gjennomføra opplæring /øvingar for personell innan beredskap 
  • Initiera forbetringstiltak og gjennomføra målretta oppfylging i dagleg drift 
  • Oppfylging og vidareutvikling av aktuelle applikasjonar/datasystem

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, min. Bachelornivå, og gjerne innan QA/HMS
  • Erfaring innan fagområdet (kvalitet) – helst som ansvarleg
  • Erfaring frå oppdrett er ikkje naudsynt, men erfaring frå produksjon, gjerne av næringsmiddel, vil vera ein fordel
  • God digital kompetanse

Me ser etter deg som:

  • Er kommunikativ og har god formidlingsevne
  • Er produksjonsretta og forretningsorientert
  • Har god økonomisk og strategisk forståing
  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Tek initiativ – er ein drivar for vidareutvikling
  • Har høg arbeidskapasitet og energinivå
  • Er fleksibel og evnar å handtera mange jern i elden

Me kan mellom anna tilby:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Kultur med fokus på berekraft, miljø og fiskevelferd
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – store moglegheiter til å påverke
  • Stor organisasjon, med mange eigarskap. Følgjer fisken i store delar av verdikjeda
  • Lokalt forankra selskap som forsyner verdsmarknaden med kvalitetsfisk
  • Konkurransedyktige vilkår

Ved spørsmål, kontakt ein av våre rekrutteringsrådgjevarar i Headvisor; Janne Siri Horne tlf. 907 21 164 eller Bjørn Horne tlf. 911 61 390, eller send søknad via www.headvisor.no/stillinger. Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 10. januar 2021. Henvendingar til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

Om arbeidsgiveren

Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.

Våre 50 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.

Sektor
Privat
Sted
GROVABROTET 8, 5600 Norheimsund
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Kvalitetssikring,
HMS

Nøkkelord

Kvalitetsleder, QA/HMS, Beredskapsfunksjon, Kvalitet, Produksjonsrettet

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
907 21 164
Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
911 61 390
Følg firma
1240 følger dette firmaet

GROVABROTET 8, 5600 Norheimsund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 202248578
Sist endret 11. jan. 2021 00:23

Rapporter annonse