Utløpt

Vil du vere med å skape vekst og utvikling i Sogn?

Arbeidsgiver
Sogn Næring
Stillingstittel
Forretningsutviklar/seniorrådgjevar
Frist
28.01.2021
Ansettelsesform
Fast

Sogn Næring er Sogndal kommune og næringslivet sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i regionen. Selskapet skal leggje til rette for dei som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd og bygge Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tett samarbeid med kommunane, næringslivet og andre verkemiddelaktørar i Sogn, arbeider me for å bygge sterke nærings- og kompetansemiljø på tvers av bransjar og kommunegrenser. Vi opererer også SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage, eit program som skal gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst. 

 

Verdiane våre er initiativ, handlekraft og samspel. Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap. Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.  


Vi har no ledig fast stilling for engasjert forretningsutviklar/seniorrådgjevar som brenn for idéskaping og utvikling av nytt og eksisterande næringsliv. 

Kontorstad er Campus Sogndal, Sogndal kommune, med heile Sogn som arbeidsplass.

 

Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for utvikling i eksisterande næringsliv 
  • Rådgjeving og oppfølging av gründerar 
  • Evaluering av forretningsidear, utvikling av forretningsmodellar og strategiar 
  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar  
  • Leiing av utviklingsprosjekt 
  • Administrasjon og utvikling av interne verktøy og arbeidsmetodar innan forretningsutvikling  

 

Ynskja kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, høvesvis på mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning. 
  • God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd 
  • Prosjektleiarerfaring eller god kjennskap til prosjektarbeid 
  • Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar 
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne 

 

Vi ynskjer ein person som er 

  • engasjert, initiativrik og sjølvstendig. 
  • har evne til å motivere til utviklingsarbeid.  
  • er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat.  
  • er god på nettverksbygging og samhandling. 


Vi tilbyr 

  • ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen. 
  • gode utviklingsmogelegheiter. 
  • gode løns- og pensjonsvilkår. 
  • fleksibel arbeidstid. 

 

Hugs å legge ved både CV og søknad

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Forretningsutvikling., næringsutvikling, utviklingsprosesser, strategiutvikling, markedskompetanse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Line Bjelde
Mobil
90 61 84 83
Følg firma
10 følger dette firmaet

Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 201899987
Sist endret 28. jan. 2021 13:20

Rapporter annonse