Utløpt

Stipendiat/postdoktor - eple

Arbeidsgiver
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Stillingstittel
Stipendiat/postdoktor - eple
Frist
01.02.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI
Nøkkelinformasjon

Forskingsarbeidet skal ha fokus på fysiologiske skadar i eple, grunnleggjande biokjemiske prosessar ved slike skadar og utløysande faktorar i frukthage, på lager og i omsetnad.

Ved tilsetjing som stipendiat har stillinga ei varigheit på 4 år, men som postdoktor i 3 år. Oppstart så snart som råd, men før 1.7.2021.

Stillinga er knytt til Avdeling soppsjukdommer i skog-, jord- og hagebruk, ved Divisjon for bioteknologi og plantehelse.

Arbeidsstad for stillinga vil vera Ås eller Ullensvang i Hardanger.


Litt om rammene for stillinga

Stillinga er ein del av prosjektet Sustainable postharvest handling of apple , som er eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt med finansiering frå Jordbruksavtalen/Norges forskningsråd og frå fruktnæringa. Det er øyremerkt midlar til eit stipend som i første omgang er tenkt å nyttast til å leia fram til ei doktorgrad ved Norges Miljø og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) på Ås. Det vert etablert ordning med formell rettleiar ved NMBU, Institutt for plantevitenskap.

Stipendiaten vil gå inn i eit tverrfagleg forskingslag i Noreg, vera ein del av eit nettverk med stipendiatar i Tyskland og Sverige, og gjera delar av laboratoriearbeidet i Belgia.

Dersom det ikkje er godt nok kvalifiserte søkjarar til ei stipendiatstilling, vil søkjarar med doktorgrad verta vurdert for tilsetjing som postdoktor.

Hovudarbeidsstad vil kunne vera både NIBIO Ullensvang (https://www.nibio.no/om-nibio/adresser/ullensvang?locationfilter=true) og NIBIO Ås (https://www.nibio.no/om-nibio/adresser/as-alle-bygg?locationfilter=true), eller i periodar eine eller andre staden. Forsøksarbeidet i prosjektet vil føregå begge stader, og på fruktlager rundt i Sør-Noreg. Det vil vera reiseverksemd til partar i prosjektet, også i andre land.


Hovudoppgåvene til stillinga
  • Sjølvstendig forskingsarbeid innanfor rammene i prosjektet
  • Formidling av forskingsresultat til næringspartar og forskarkollegaer
  • Det vil vera krav om å ta fag/kurs som stipendiat og krav om eit kompetansehevande løp for ein postdoktor
  • Det skal skrivast vitskaplege artiklar om forsøksresultata
  • Ved tilsetjing som stipendiat vil 25% av arbeidstida vil vera andre relevante og kompetansebyggjande oppgåver i avdelinga. Det er ikkje eit slikt krav ved tilsetjing som postdoktor.

Kvalifikasjonskrav

Ved tilsetjing som stipendiat:

  • Mastergrad i plantevitenskap, plantefysiologi eller tilsvarande, med fordjupning i planteproduksjon eller hagebruk
  • Kvalifisert til opptak som doktorgradsstudent etter gjeldande opptakskrav ved NMBU (merk karakterkrav)
    • meir info: https://www.nmbu.no/forskning/forskerutdanning/soknad-opptak (https://www.nmbu.no/forskning/forskerutdanning/soknad-opptak)
  • Gode kunnskapar i engelsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil (klasse B)

Ved tilsetjing som postdoktor:

  • Fullført doktorgrad innanfor postharvest i frukt 
  • Gode kunnskapar i engelsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil (klasse B)

Vil verte vektlagt
  • Kjennskap til fruktdyrking i temperert klima, lagring av frukt og grønt og/eller omsetnad av frukt og grønt
  • Kjennskap til bruk av molekylære metodar 
  • Ferdigheiter i norsk eller eit skandinavisk språk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Kreativ og målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode analytiske og problemløysingsevner

Me tilbyr

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som stipendiat kode 1017, lønssteg 54 - 60 (kr 479.600 - 532.300 pr. år) eller postdoktor, kode 1352, lønssteg 59 - 67 (kr 526.000 - 608.200 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og røynsle.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.


Treng du meir informasjon?

Kontakt Jorunn Børve (prosjektleiar), tlf +47 958 78 057, eller Birgitte Henriksen (forskingssjef/avdelingsleiar), tlf +47 472 90 567


Korleis søkja på stillinga

Søknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Legg ved vitnemål og karakterutskrift frå bachelor- og masternivå. Søkjar til postdoktorstilling må legga ved stadfesting på fullført doktorgrad. Andre vitnemål og attestar kan takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.


Generelle opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.


Om arbeidsgiveren

NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 700 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.

Avdeling soppsjukdommer i skog-, jord- og hagebruk er ei av 6 avdelinger i Divisjon for bioteknologi og plantehelse.

Avdelinga arbeider hovedsakeleg med diagnostisering, rådgjeving/tiltak, overvaking og kartlegging knytta til skader i skog-, jord- og hagebruk, og utgjer den største samla kompetansen innan sopp og oomyceter på planter i Noreg.

Sektor
Offentlig
Sted
NIBIO Ullensvang, 5781 Lofthus
Flere arbeidssteder
  • 1430 Ås
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Agronom,
Biolog
Følg firma
925 følger dette firmaet

NIBIO Ullensvang, 5781 Lofthus

Annonseinformasjon

FINN-kode 201651260
Sist endret 14. des. 2020 15:12

Rapporter annonse