Utløpt

Bibliotekrådgivar

Arbeidsgiver
Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgivar ved seksjon for arkiv, bibliotek og museum
Frist
31.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

Rådgivar til vikariat med moglegheit for vidare engasjement i 100 % stilling som rådgivar ved seksjon for arkiv, bibliotek og museum i Ålesund i perioden 01.02.-31.12.21. Tiltreding etter avtale.

Fylkesbiblioteket skal vere eit kompetansesenter for folkebiblioteka og biblioteka i vidaregåande skule i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å fremme ei heilskapleg tenking rundt arkiv, bibliotek og museum og frå 01.01.2021 vil seksjonen endre namn til seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM).

Hovudoppgåvene vil vere rådgivings- og utviklingsoppgåver for bibliotekfeltet. Den som blir tilsett skal legge til rette for kompetanseheving, kunnskapsoverføring og god informasjonsflyt. Rådgivaren skal jobbe på tvers av fagfelt og legge til rette for prosjekt i samhandling med biblioteka i fylket.

Rådgivaren får i oppgåve å rettleie om og følgje opp bibliotekstatistikk, samt hovudansvar for rådgiving og utvikling knytt til kunnskapsorganisasjon og gjenfinning. Vedkommande må vere førebudd på å løyse andre oppgåver som følgje av omprioriteringar i seksjonen.


Du får jobbe med å

  • rådgi, rettleie og vere pådrivar for utvikling av bibliotekfeltet
  • arrangere faglege konferansar og samlingar, halde faglege innlegg og foredrag
  • ta initiativ til samhandling med andre sektorar internt og eksternt
  • ha kontakt med folkebiblioteka og biblioteka i vidaregåande skule


Vi søker deg som har

  • høgare bibliotekfagleg utdanning
  • erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
  • ønskeleg med erfaring og interesse for kunnskapsorganisasjon og gjenfinning
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • innsikt i offentleg forvaltning og kjennskap til planprosessar
  • god digital kompetanse
  • førarkort klasse B


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar. Avdelinga har 42,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300 millionar kroner. Den som tiltrer stillinga får vere med å utvikle kulturfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod. Det er kort veg til flyplass med avgangar til inn og utland i alle våre tre byar.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Kirkegata 10 b, 6004 Ålesund
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Konsulent og rådgivning,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Kontor og administrasjon,
Rådgivning

Nøkkelord

bibliotek, arkiv, kultur, museum, fylkesbibliotek

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger Lise Aarseth
Stillingstittel
seksjonsleiar
Telefon
71 28 05 04
Mobil
97 11 39 62
Kontaktperson
Monica Kjøl Tornes
Stillingstittel
Assisterande kulturdirektør
Telefon
71 28 02 91
Mobil
97 19 53 75
Følg firma
313 følger dette firmaet

Kirkegata 10 b, 6004 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 201155329
Sist endret 20. jan. 2021 13:56

Rapporter annonse