Utløpt

Er du god på økonomistyring og trivst i dialog med kollegaer?

Arbeidsgiver
Norges Handelshøyskole (NHH)
Stillingstittel
Controllar (seniorkonsulent)
Frist
31.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Om avdelinga og stillinga

Vi søkjer etter deg som har god erfaring med økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor. Du er serviceinnstilt og trivst i eit hektisk miljø med førespurnader frå kollegaer i heile organisasjonen.

Som controllar har du ei sjølvstendig rolle, og me ynskjer oss ein medarbeidar som raskt kan sette seg inn i oppgåvene. I stillinga skal du være rådgjevar for andre kollegaer innan økonomistyring og budsjett. Du må ha god struktur og orden, og du likar å formulere deg presist både munnleg og skriftleg. Spesielt er det behov for deg som har god digital kompetanse og som kan nytte denne til å forbetre måten vi arbeidar på.

Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling fram til 31.03.22, og vi ynskjer ein snarleg oppstart. Du vil jobbe i Økonomiavdelinga, som i tillegg til økonomistyring, har ansvar for rekneskap, budsjett, løn, reiser, anskaffingar og innkjøp. Vi er ni tilsette ved avdelinga.


Hovudansvar er å
  • følgje opp rekneskap mot budsjett for administrative einingar og utval
  • bidra med utarbeiding av budsjett og prognosar
  • ha ansvar for anleggsregister, aktivering og avskrivingar
  • bidra i samband med periodeavslutting


Andre oppgåver kan òg bli lagt til stillinga ved behov.


Kvalifikasjonskrav
  • minimum utdanning på bachelornivå innan økonomi/rekneskap (relevant realkompetanse kan i særlege unnatakstilfelle erstatte utdanningskravet)
  • relevant praktisk erfaring innan økonomistyring og/eller rekneskap
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • gode ferdigheiter med bruk av digitale verktøy


Det er ein føremon at du har

  • erfaring med UBW ERP eller tilsvarande type økonomisystem
  • relevant praktisk erfaring med budsjettarbeid
  • kjennskap frå offentleg sektor

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er/har

  • evna til å samarbeide med ulike miljø og ulike mennesketypar
  • god til å jobbe systematisk og nøyaktig under press
  • evna til å tenke kunde/leverandør internt i organisasjonen
  • evna å opptre tolmodig og pedagogisk
  • løysingsorientert og fagleg trygg og i møte med andre

NHH tilbyr
  • jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
  • varierte faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling
  • eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • inkluderande arbeidsliv
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/ (https://www.spk.no))
  • velferdsgode som subsidiert trening hos Sammen, bedriftshytte og gratis parkering


Stillinga har kode 1363 seniorkonsulent og blir lønna etter statens regulativ frå kr. 507 000-555 400 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. I tillegg betaler NHH som arbeidsgivar 12,35 prosent.


Generell informasjon

NHH som statleg arbeidsgivar legger vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hull i cv-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand. Kontakt gjerne økonomisjef Kari Blom på tlf. 454 25 249 for meir informasjon om stillinga.

 

Søknadsfrist 31.12.2020.


Om arbeidsgiveren

Noregs handelshøgskole (NHH) er mellom dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt akta forskingsmiljø, og utdannar framtidas økonomar. Difor er vi førstevalet til studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. NHH har 3 500 studentar og 400 tilsette.

På NHH arbeider vi saman for berekraftig verdiskaping. Visjonen vår tar utgangspunkt i kjerneverdiane engasjert, open og ambisiøs. Tilsette, studentar og alumni brenn for å bidra til positiv endring i samfunnet rundt seg. NHH er arbeidsplassen for deg som vil noko meir.

Sektor
Offentlig
Sted
Helleveien 30, 5045 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Følg firma
233 følger dette firmaet

Helleveien 30, 5045 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 200294683
Sist endret 4. des. 2020 13:16

Rapporter annonse