Utløpt

Undervisningsstilling ved Nore Fusa skule

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
10.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig vikariat i 100 % undervisningsstilling


Ved Nore Fusa skule er det ledig vikariat i 100% stilling fram til sommaren 2021, med mogeleg forlenging.


Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.


Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.


Arbeidsstad

Nore Fusa skule er ein fådelt skule med 44 elevar frå 1.-7. trinn og SFO-ordning for småtrinnet skuleåret 20/21. Skulen ligg på Holmefjord i Bjørnafjorden kommune.


Skulebygget, som var nytt i 1995, ligg ved sjøen i bygda Holmefjord og har lyse og trivelege lokale. Alle undervisningsromma ligg på eitt plan og er knytt opp mot mediateket, som er det sentrale rommet i bygget. I 2018 vart det ferdigstilt påbygg med klasserom, kontor og arbeidsrom for lærarane. Skulen ligg nær sjøen med kort veg til fjøra.

Det er også fine skogsområde i nærleiken som vert nytta til undervisning og til turar.


Skulen har eit godt miljø for både elevar og tilsette, og ein arbeidsplass prega av godt humør, engasjement og høg kompetanse. Besøk gjerne skule si facebook-side: https://www.facebook.com/norefusaskule


Arbeidsoppgåver

Undervisning på 1.-7. trinn.


Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.


I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.


Ønska kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

- har kompetanse i eitt eller fleire av faga norsk, matematikk, naturfag, engelsk, kroppsøving og musikk

- er oppteken av å skape gode relasjonar både til elevar, føresette og tilsette

- er ein tydeleg klasseleiar som bidreg i arbeidet med å skapa eit godt klassemiljø, og har fokus på elevane sitt læringsutbytte

- har kompetanse og interesse for IKT som arbeidsverktøy og pedagogisk verktøy

- er samarbeidsvillig, fleksibel og løysingsorientert


Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.


Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.


Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Holsundvegen 190, 5642 Holmefjord
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

undervisning, barneskole, utvikling, pedagogikk, læringsmiljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Martin Haugen
Stillingstittel
rektor
Mobil
40 48 20 30
Følg firma
490 følger dette firmaet

Holsundvegen 190, 5642 Holmefjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 200220636
Sist endret 11. jan. 2021 15:52

Rapporter annonse