Utløpt

Lærer Elkraft og Automatisering

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærer Elkraft og Automatisering
Frist
15.12.2020
Ansettelsesform
Fast

Fagskolen i Hordaland søkjer etter ingeniør til undervisningsstilling innan studieretninga Elkraft  

Vi ynskjer primært søkjarar med bakgrunn frå installatørbransjen med erfaring som saksbehandlar eller tilsvarande. Søkjar bør ha djupnekjennskap til rolla som installatør og erfaring med planlegging og dimensjonering av elektriske installasjonar, samt kjennskap til programvare som nyttast ved dimensjonering av elektriske installasjonar (dette vere seg FEBDOK,  DDS-Cad, Dialux o.l.), ønskjeleg med erfaring innan elektroteknisk teikning.

Kven er vi?   

Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Fagskoleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Fagskolen i Hordaland er ein av landets største fagskolar og gir tilbod til omlag 1300 studentar. Vi er omlag 130 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skolen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar.  

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan fagområdet elkraft for dag- og nettklassar. Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning
  • Vidareutvikling av utdanningstilbodet, emne og tema i samarbeid med kollegaer, skolens leing og anna næringsliv
  • Samarbeid i utdanninga med andre lærarar, leiinga og anna næringsliv

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. "Lov om høyere yrkesfaglig utdanning" 
  • Minimum bachelor innan fagområde elkraft
    Fagskole og lang relevant yrkeserfaring kan kompensere for minimumskrav til bachelorutdanning
  • Ønskjeleg med pedagogisk utdanning
    For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjing
  • Ønskjeleg med digital kompetanse/bruk av digitale verktøy

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Entusiastisk
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til å motivere og engasjere studentar til gode læringsøkter
  • Evne til å bidra til at studentar får oppleve eit tett samarbeid med arbeidslivet
  • Evne til å utvikle digital undervisning
  • Evne til å skape gode relasjonar med studentar og kollegaer
  • Evne til å kombinera praktisk og teoretisk utdanning

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode forsikrings- og pensjons ordningar
  • Fleksibel arbeidstid
Sektor
Offentlig
Sted
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Kurs og opplæring

Nøkkelord

Undervisning,, Elkraft,, Ingeniør,, fagskole,, lærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tommy Kokai
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
95 72 19 69
Følg firma
1070 følger dette firmaet

Haugeveien 28, 5005 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 200213406
Sist endret 30. nov. 2020 14:09

Rapporter annonse