Utløpt

Vikariat praksiskonsulent

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Praksiskonsulent
Frist
22.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og omsorgsvitskap har ledig vikariat som seniorkonsulent i praksisadministrasjonen ved campus Stord / campus Haugesund

Stillinga er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon og rapporterer til studieadministrativ leiar. Praksisadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire campus, i nært samarbeid med kvarandre, studierettleiarane, kvalitetsrådgjevar, felles administrasjonen, fagpersonar og praksisfeltet.

Oppstart i stillinga frå medio mars 2021 og i eit år frå tilsetting.

Stillinga er knytt til praksisadministrasjonen ved bachelor i sjukepleie ved campus Stord og campus Haugesund. Stillinga har arbeidsstad ved begge campus, og det er forventa jamleg nærvær ved begge campus.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • innhenting og fordeling av praksisplassar
  • kommunikasjon og informasjonsflyt mot studentar, vitskapleg tilsette og praksisfeltet
  • sakshandsaming av studentsaker
  • andre påkommande arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompenserer for utdanningskravet. 
  • relevant erfaring frå forvaltning og saksbehandling
  • gode IKT-kunnskapar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønska kompetanse:

  • erfaring frå praksisfeltet eller praksisadministrasjone
  • kjennskap til bachelorutdanningane i sjukepleie

Personlege eigenskapar:

  • strukturert og sjølvstendig
  • god til å koordinere og planlegge eige arbeid
  • gjennomføringsevne og løysingsorientering
  • gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • positiv og gode samarbeidsevner
  • motivasjon og personleg eignaheit vert tillagd stor betydning 

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som praksisrettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Studieadministrativ leiar,  Kristin Senneset, tlf 55 58 57 54 


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar.

Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studia "Helse, funksjon og deltaking", og "Ansvarlig innovasjon og regional utvikling" (Responsible Innovation and Regional Development - RESINNREG). Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund
Flere arbeidssteder
  • 5407 Stord
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Kontor og administrasjon,
Sykepleier
Følg firma
964 følger dette firmaet

Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 200184614
Sist endret 30. nov. 2020 09:48

Rapporter annonse