Utløpt

Undervisningsinspektør - 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Lindås barneskule
Stillingstittel
Undervisningsinspektør - 100% fast stilling
Frist
17.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Frå 18.01.21 har Lindås barneskule ledig ei 100 % fast inspektørstilling.

Om Lindås barneskule
Lindås barneskule er ein heilt nyrehabilitert og moderne skule, som ligg sentralt i den vakre Lindåsbygda, vel 20 minutt køyretid frå kommunesenteret Knarvik. Skulen har pr. no om lag 220 elevar. Skulen har eit personale på 40.
Administrasjonsressursen er på 180%. I tillegg har vi administrasjonssekretær. Satsingsområde for skulen er vurdering for læring og lesing.

Arbeidsopgåver

Undervisningsinspektøren er en del av skuleleiinga, og arbeider til dagleg med å leggje til rette for undervisning og læring. Inspektøren inngår i skulen sitt leiarteam saman med rektor. Dagleg drift av skulen med innhenting av vikarar og personaloppfølging, samt ansvar for nokre av skulen sine utviklingsområder er oppgåver som ligg til stillinga.

Kompetanse

- godkjent undervisningskompetanse og minst nokre år med undervisningserfaring
- leiarerfaring og gjerne vidareutdanning innan leiing
- har gode kommunikasjonsevner 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein leiiar som er engasjert og opptatt av å finne gode løysingar. Du har gode samarbeidsevner og er opptatt av fagleg og sosial utvikling hos elevane Det er viktig at du er strukturert og har god oversikt, samt at du handterer å ha fleire ballar i luften samstundes. Det er viktig at du er ein tydeleg klasseleiar.  

Det er svært viktig at du har gode samarbeidsevner og at du er god på relasjonsbygging både med barn og vaksne.

Humor og stor grad av fleksibilitet er eigenskapar vi set høgt.

Vi tilbyr
- eit godt, utviklande og inkluderande arbeidsmiljø

- lønn- og tilsetjingvilkår i samsvar med gjeldande  lov- og avtaleverk

Politiattest

 Denne stillinga krev tilfredstillande politiattest.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5955 Lindås
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

Undervisningsinspektør, Skole, Undervisning, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Molvik Thormodsen
Telefon
56 37 58 77
Følg firma
414 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5955 Lindås

Annonseinformasjon

FINN-kode 199889661
Sist endret 9. des. 2020 08:37

Rapporter annonse