Utløpt

Personalkonsulent søkes til 9 måneders vikariat

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Personalkonsulent
Frist
06.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Vi har ledig ei mellombels (vikariat) stilling som personalkonsulent (seniorkonsulent SKO 1363) frå 01.01.2021 til 30.09.2021. Fakultetet har til saman 8 personalmedarbeidarar, der 4 av disse er plassert ved Psykologisk institutt. Denne stillinga vil inngå i eit team på 4 personalmedarbeidarar, plassert i fakultetsadministrasjonen, med fakultetsdirektør som næraste overordna. Personalkonsulentane forvaltar den personalfaglege administrasjonen ved størstedelen av fakultetet, bidreg i rekrutteringsprosessar og gir leiarstøtte på personalområdet. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver

Personalkonsulenten skal arbeide med eit breidt spekter av administrative oppgåver, mellom anna sakshandsaming innan personalområdet, HR-fagleg oppfølgjing av tilsette og leiarar, og i tillegg utviklingsoppgåver innan personalfeltet. Arbeidsoppgåvene stiller høge krav til nøyaktigheit og evne til å jobbe raskt og systematisk.


Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
  • sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar.
  • rettleiing innan personalområdet overfor institutt og sentre ved fakultetet.
  • Personaladministrative driftsoppgåver

Kvalifikasjonskrav 
  • Det krevst relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå, gjerne med HR, offentleg administrasjon eller arbeidsrett i fagkretsen.
  • Det krevs erfaring med sakshandsaming innan personalforvaltning i statleg verksemd, fortrinnsvis frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Det krevs erfaring med rekruttering til vitskaplege stillingar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Ønskeleg kompetanse/erfaring

  • Vi nyttar SAP HR, ePhorte sakshandsamingssystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem. Erfaring med disse systema vil telje positivt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Evne til å handtere fleire krevjande parallelle arbeidsoppgåver, samstundes som du er nøyaktig og systematisk
  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og initiativrik
  • God til å planleggje, følgje opp saker og gjennomføre tiltak
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima ved fakultetet

Vi tilbyr
  • løn som seniorkonsulent kode 1363 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 516 400 og kr 566 700, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde
  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift (http://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/personal/ia/) vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


Kontaktinformasjon

Seniorrådgiver Aud-Jorunn Sandal, tlf: 22858224, e-post: a.j.sandal@sv.uio.no


Sektor
Offentlig
Sted
Moltke Moes vei 31, 0851 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Rådgivning
Følg firma
3807 følger dette firmaet

Moltke Moes vei 31, 0851 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 199872908
Sist endret 27. nov. 2020 14:00

Rapporter annonse