Utløpt

Osterøy kommune søkjer avdelingsleiar på Osterøytunet

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Osterøytunet
Frist
Snarast
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

På Osterøytunet  har vi ledig ei ny stilling som avdelingsleiar. Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på 6 grupper. Vi har eigen natteneste som også servar heimebuande.
Med tilsetting i denne stillinga går vi frå å vere inndelt i to avdelingar til tre avdelingar. Som avdelingsleiar er du med i kommunen si leiarutviklingsgruppe. Me har godt samarbeid med andre einingar og god moglegheit for medverknad. 
Institusjonen har eige kjøkken og eigen lege. Osterøytunet ligg på Osterøy, 40 minuttar kjøring frå Bergen sentrum.

 

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene består i å sikre dagleg drift og i stillinga ligg personalansvar for medarbeidarar i  avdeling herunder bemanning, personaloppfylging og turnusarbeid.

Avdelingsleiar arbeidar tett saman med einingsleiar, fagkoordinator og andre i sektoren. Vi nyttar fagsystemet CosDoc, WebSak og Visma for ajourhold, personal og turnusarbeid.

 

Du

- er med på å bidra å nå mål som ligg i sektoren og eininga si strategi.

- har fokus på fagutvikling og refleksjon.

- kan planleggja og følgja opp kompetansetiltak.

- kan planleggja og gjennomføra medarbeidersamtaler.

- har kunnskap om og kan følgje opp sjukefråvær.

- har godt humør og er fleksibel.

 

Kompetanse

Minimum treårig sjukepleiar høgskuleutdanning eller anna relevant helsefagleg utdanning på høgskulenivå er eit krav til stillinga.

Det er ynskjeleg med leiarutdanning eller leiarerfaring. Dersom du ikkje har leiarutdanning ynskjer vi at du er villig til å ta dette. Det er og eit føremon om du har vidareutdanning innan geriatri eller psykiatri.
Det er eit krav å ha god kjennskap til og erfaring med utarbeiding av turnus. Du må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Vi søkjer

Vi søkjer deg som har pågangsmot og som er ein god relasjonsbyggar. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Det er viktig at du er god på planlegging og kan jobbe systematisk og sjølvstendig. Gode datakunnskapar er nødvendig.

 

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Lønsplassering  i HTA kap. 3.

Gratis parkering, ladestasjon for el-bil og god moglegheit for køfri køyring til jobb.

 

Anna

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.

 

Vi oppfordrar menn til å søke.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Ledelse

Nøkkelord

avdelingsleder, leder, sykehjem, sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grethe Berg Holsen
Telefon
56 19 25 02
Kontaktperson
Kristine Vedå
Telefon
56 19 25 03
Kontaktperson
Åse Vevle
Telefon
56 19 25 01
Følg firma
173 følger dette firmaet

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 199741541
Sist endret 17. des. 2020 12:34

Rapporter annonse