Utløpt

Seniorkonsulent (vikariat)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seniorkonsulent (vikariat)
Frist
10.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Seniorkonsulent 

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg og fram til 1. september 2021.

Den som vert tilsett, vil ha eit hovudansvar for sakshandsaming, informasjonsarbeid og rettleiing av studentar på dei fire første åra av profesjonsstudiet i medisin.

 

 


Arbeidsoppgåver:
  • Studierettleiing og informasjonsarbeid
  • Handsaming av søknader frå studentar og saker knytt til studieprogresjon
  • Oppfølging av saker frå programutvalet for medisinstudiet
  • Deltaking i vaktordning på informasjonssenteret ved fakultetet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis er eit krav.
  • God digital kompetanse.
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter på bokmål, nynorsk og engelsk.

Vi søkjer ein person som

  • er omgjengeleg, fleksibel, empatisk og serviceinnstilt
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • kan arbeide sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og målretta med oppgåver, bestillingar og fristar
  • er initiativrik og har god gjennomføringsevne

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar for studieseksjonen, Ørjan Leren, telefon 55 58 64 85.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Saksbehandler
Følg firma
1203 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 199730706
Sist endret 26. nov. 2020 00:00

Rapporter annonse