Utløpt

Sjukepleiar / Vernepleiar 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Sjukepleier / Vernepleier
Frist
02.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med Varafjell avlastningssenter, Os avlastning og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule.

Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Det vil vera nokre langvakter i turnusen.

Arbeidsstad

Ledig stilling er f.t ved Os avlastning

Arbeidsoppgåver

  • Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
  • Førebygging, habilitering og rehabilitering.
  • Bistand til brukere for at dei skal kunne gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
  • Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak.
  • Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og/eller koordinatorarbeid.
  • Aktivt arbeide saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sinepårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
  • Oppfølging og rettleiing til pårørande.
  • Stillinga er knytt opp mot arbeid i heim og i stor grad knytt opp mot eit born med behov for tett oppfølging.


Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn/ungdom med nedsett funksjonsevne vil vere ein fordel men ikkje eit krav
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt særleg vekt på din kjennskap til brukargruppa og personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.


Kven er du?

Du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, og liker utfordringer.

Du er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige.

Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner.

Du er klar for noko nytt og spennande og er endringsvillig og spontan.

På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heilhetleg tilbod.


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.


Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

vernepleier, sykepleier, omsorgsarbeid, avlastning, sykepleierstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina Yvonne Matre
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
90 28 97 33
Kontaktperson
Grethe Norheim
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Mobil
47 39 99 86
Følg firma
482 følger dette firmaet

5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 199595157
Sist endret 5. jan. 2021 20:20

Rapporter annonse