Utløpt

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
08.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat

Ynskjer du å jobbe med nokre av Vestlandets sterkaste merkevarer?
Skyss og Kringom blei frå starten av 2020 slått saman til ei felles mobilitetseining, og det er beslutta politisk at merkevara Kringom skal utfases og at Skyss blir merkevara for heile fylket.  

Skyss/Kringom har ei ledig stilling i rolla informasjonskoordinator, i faggruppa Informasjon og marknadsføring, i avdeling kundeopplevingar.

Aktuelle arbeidsstader: Bergen, Førde og Leikanger

Arbeidsoppgåver

Som informasjonskoordinator bidreg ein gjennom variert arbeid, til at den reisande får informasjonen han/ho treng. Du vil primært arbeide med korrektur/oppsett av ruteinformasjon/-plakatar, plakatproduksjon, besvarelse av spørsmål på våre sosiale medier, og skilting/wayfinding. Du vil også delta i ulike prosjekt, og arbeidet kan då inkludere kampanjer, SoMe og leiing av ulike prosjekt. 

Evna til å handtere mange ballar i lufta samstundes, samt kunne ta prosjekt frå idé til implementering og oppfølging, er nødvendig for å lykkas. Moglegheiter for snarleg oppstart vil bli vektlagt, og vi vil intervjue kandidater fortløpende. Vikariatet gjeld til og med 31. august 2021.


Kvalifikasjonar

- Relevant høgare utdanning og erfaring
- Kundeforståing
- Erfaring med Indesign/photoshop er ein fordel
- Prosjektarbeid og prosjektleiing
- Har erfaring med bruk av SoMe
- Erfaring med tekstproduksjon og formulering av budskap som engasjerar

Personlege eigenskapar

- God skriftleg og munnleg framstillingsevne - nynorsk er administrasjonsspråket og nettsider skal også være på engelsk
- God på å samarbeide, lytte og bygge tillitsfulle relasjonar, internt og eksternt
- Strukturert, god på heilskapleg planlegging og sjølvstendig jobbing/gjennomføring
- Handlekraftig og løysingsorientert
- Ta ansvar og eigarskap
- Brennande engasjement for gode kundeopplevingar- vere kundens ambassadør

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar.

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om Skyss/Kringom 
Skyss/Kringom er Vestland fylkeskommunes administrasjonseining som planleggar, kjøper og marknadsføre kollektivtransporttenester som Vestland fylkeskommune har ansvar for. Skyss/Kringom tildeler kontrakter for kjøring av bussrutene, Bybanen, båt og ferje til trafikkselskapa etter konkurranse. I tillegg er Skyss/Kringom sine oppgåver ruteplanlegging, utvikling av billettsystem, kundeservice, informasjon og marknadsføring av kollektivtilbodet. 

Om avdeling Kundeopplevingar 
Kundeopplevingar skal gjere det enkelt og attraktivt å velje kollektiv- og mobilitetsreiser framfor privatbil. Avdelinga har som mål å sikre påliteleg, oppdatert og relevant informasjon i alle kanalar der me møter kundar i Vestland. Avdelinga si innsikt i kundane sine behov skal nyttast til kontinuerleg forbetring og utvikling av løysingar og informasjon som skapar gode og tenlege reiseopplevingar i dag og i framtida. Innsikta frå avdelinga skal danne grunnlag for alle avgjerder i resten av organisasjonen.

Om faggruppe Informasjon og marknadsføring 
Vi skal med aktiv, målretta og relevant informasjon og marknadsføring av kollektiv- og mobilitetsløysingane gjere det enkelt og attraktivt for kundar i Vestland å reise grønt - den smartaste måten å reise på. Informasjon og marknadsføring skal skje i kanalane vi til ei kvar tid møter kundane og har som mål at stadig fleire kundar skal ta i bruk digitale kanalar.

Sektor
Offentlig
Sted
sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Stillingsfunksjon
Design / Grafisk,
Markedsfører,
Rådgivning

Nøkkelord

markedsfører, reklame, kommunasjon, grafisk, design

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Egil Wiken Sunde
Stillingstittel
leiar
Telefon
481 16 374
Følg firma
216 følger dette firmaet

sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 199452627
Sist endret 23. nov. 2020 15:45

Rapporter annonse