Utløpt

Vikariat som førstekonsulent/rådgjevar i Fiskeriavdelinga - NFD 33/20

Arbeidsgiver
Nærings- og fiskeridepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgjevar
Frist
04.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med NÆRINGS- OG FISKERIDEPARTEMENTET
Om stillinga

Seksjon for fiskeriforvaltning har ledig eit 1 års vikariat som førstekonsulent/rådgjevar, med tilsetjing snarast råd. Seksjonen sitt ansvarsområde er breitt og omfattar mellom anna reguleringar av dei ulike fiskebestandane. Målet er å sikre berekraftige fiskeri, samstundes som dei er effektive og lønsame. Du får nasjonale oppgåver knytta til fiskerireguleringar med eit spesielt ansvar for reguleringa av dei pelagiske og dei kystnære bestandane. Arbeidet inneber omfattande kontakt/møter med ulike offentlege og private aktørar i fiskerinæringa.

Vi i NFD meiner at inkludering og mangfold er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike former for kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til at oppgåvene blir løyst på ein endå betre måte. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi ynskjer å strekke oss langt for å legge til rette for  medarbeidarar som har behov for det.

Arbeidsoppgåver

I arbeidsoppgåvene inngår blant anna:

  • Årlege reguleringar og forskriftsarbeid knytta til utøvinga av fiske
  • Spesielt ansvar for dei pelagiske fiskeria og kystnære og lokale artar
  • Områdereguleringar/fjordlinjer for berekraftig hausting av lokale bestandar
  • Reiskaps- og fangstteknologi
  • Reiskapsfleksibilitet mellom fartøygrupper
  • Ulike kvoteordningar

Du vil også måtte bidra til anna arbeid i seksjonen.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har forståelse og interesse for fiskeriforvaltningen, og helst også praktisk kunnskap om pelagiske fiskerier. Det er krav om høgare utdanning. Utdanning på mastergradsnivå er ein fordel, men ikkje eit krav. Kjennskap til offentleg forvaltning og ansvarsfordeling mellom offentlege organ og kjennskap til norsk fiskerinæring blir vektlagt.

Personlege eigenskapar

Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevnepå norsk og engelsk. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere ryddig, strukturert og fleksibel, og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Vi vil også leggje vekt på fagleg kreativitet og omstillingsevne, og at du tar initiativ.

Personlige eigenskaper vil bli vektlagde.


Vi tilbyr
  • Vikariat som førstekonsulent/rådgjevar i 1 år med moglegheit for forlenging
  • Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar og erfaring innan spennet: 458 900 - 566 700 per år (51-55 / 54-63)
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling og fagleg oppdatering
  • Fleksibel arbeidstidsordning og betalt overtid
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Kontorstad: Kongens gate 8, i Oslo sentrum.

 

Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte avdelingsdirektør Elisabeth N. Gabrielsen på tlf. 906 38 744.

Søknad sendast elektronisk via linken "Søk stillingen" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet, og vitnemål og attestar må leggast ved.  

Søknadsfrist. 4. desember 2020.

NFD er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein arbeidsplass som reflekterer befolkninga. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søka, uavhengig av til dømes alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Anna

I samsvar med  offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli gjort offentlege  sjølv om søkaren har bedt  om ikkje å bli ført på søkrlista. Søkarar vil bli varsla dersom slik førespurnad ikkje blir tatt til følge.

Søkerar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, blir gjort merksame på at desse opplysningane kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad dersom vedkomande blir tilsett.


Om arbeidsgiveren

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har som mål å forma ein heilheitleg næringspolitikk som legg til rette for omstilling og som bidrar positivt til samla verdiskaping. Det inneber å påverke alle politikkområda som har verknad på verdiskapinga. Innanfor fiskeri og havbruk legg departementet rammr for berekraftig og lønsam næringsverksemd.

Andre ansvarsområde er næringsrelevant forskings- og innovasjonspolitikk, konkurransepolitikk og handelspolitikk. Departementet forvaltar staten sine eigardelar i ei rekkje selskap og har mange etatar og verksemder under seg.

 

 

Sektor
Offentlig
Sted
Kongens gate 8, 0154 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Annet
Følg firma
745 følger dette firmaet

Kongens gate 8, 0154 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 199036102
Sist endret 20. nov. 2020 08:44

Rapporter annonse