Stipendiat IKT i læring

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Stipendiat IKT i læring
Frist
29.12.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat - IKT i læring ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Det er trong for kunnskap om pedagogisk tilrettelegging for læring i digitale omgjevnader. Stillinga er knytt til fakultetet sitt arbeid med digitalisering i lærarutdanninga og initiativ som er retta mot å auka den profesjonsfaglege digitale kompetansen (PfDK) i lærarutdanninga og grunnutdanninga.

Stipendiaten vil bli knytt til Forskargruppa for innovativ teknologiutvikling i utdanning (FORITEK) og pågåande prosjekt i forskargruppa leia av førsteamanuensis Aslaug Grov Almås. Desse prosjekta rettar seg mot:

  • Utvikling, utprøving og evaluering av digitale læringsressursar i høgare utdanning og grunnutdanning.
  • Utvikling av PfDK i lærarutdanninga.
  • Utvikling av fleksible, nettstøtta utdanningar for eit arbeidsliv i endring.

Stillinga vert lyst ut over 4 år med 25% pliktarbeid. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innan IKT i læring, forskingsprogrammet "Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking", og PhD-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL.

Den som vert tilsett, vil ha arbeidsplassen sin knytt til fagmiljøet i IKT i læring ved campus Stord i tilsetjingsperioden.  Det vil likevel ikkje vere krav om dagleg frammøte på Stord.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Nærare informasjon om doktorgradsprogrammet finst på (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiskepraksisar/ (http://Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet )).


Ansvars- og arbeidsområde:

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventingar om at kandidaten:

  • Deltek konstruktivt i Forskargruppa for innovativ teknologiutvikling i utdanning
  • Underviser og rettleier studentar i IKT i læring (i masterutdanningane IKT i læring, Praktisk utdanningsvitskap og utdanningstilboda i PfDK-MOOC og Profesjonsretta pedagogikk)

Kvalifikasjonskrav:

Mastergrad i IKT i læring, pedagogikk, fagdidaktikk  eller tilsvarande fag. Søkjarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan og vurderast som kvalifiserte.

    Ønska kvalifikasjonar:

    • Høg digital realkompetanse og kunnskap om fleksibel og nettstøtta læring
    • Erfaring med undervisning i høgare utdanning, vidaregåande opplæring eller grunnskule
    • Erfaring med utvikling av nettstøtta/nettbaserte utdanningstilbod
    • Erfaring frå norsk skule, skuleleiing og skuleutvikling knytt til digital kompetanse etter Kunnskapsløftet

    Personlege eigenskapar:

    • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon, både norsk og engelsk
    • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
    • Gode samarbeidsevner
    • Evne til å ta initiativ

    Søkjarar må leggja ved ei prosjektskildring på inntil 6 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, sjølvvald problemstilling, og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Prosjektskildringa skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga. Normalt tek programmet berre opp kandidatar med karakter A eller B på mastergraden.

    Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Publikasjonsliste over alle vitskaplege arbeid vil og bli vektlagt.


    Korleis søkje på stillinga?

    Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.

    Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut ifrå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://jobbnorge.no) når søknadsfristen utgår. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dette vil vere masteroppgåva/hovuedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid ein ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

    Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har teke imot søknaden din. 

    Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalg/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

    Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til einskildpersonar ved høgskulen.


    Vi tilbyr:
    • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
    • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
    • Moglegheiter for trening i arbeidstida

    Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

    Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


    Generell informasjon:

    Me gjer merksam på at i samsvar med ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik førespunad ikkje vert tatt til følgje. 

    Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


    Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

    1) Instituttleiar Jan Helge Kallestad, 

    telefon: +47 55 58 59 43

    e-post:  Jan.Helge.Kallestad@hvl.no

    2) Førsteamanuensis Aslaug Grov Almås

    telefon: +47 53 49 15 20

    e-post: aslaug.almas@hvl.no


    Samspel, berekraft og nyskaping 

    Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

    Vi skal verte eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

    Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

    Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


    Om arbeidsgiveren

    Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

    Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
     

    HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

    Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

    Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

    Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og  masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  

    Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Klingenbergveien 4, 5407 Stord
    Bransje
    Forskning, utdanning og vitenskap,
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Forskning/Stipendiat/Postdoktor

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 199035698
    Sist endret 20. nov. 2020 08:43

    Rapporter annonse