Utløpt

Systemforvalter

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Systemforvalter
Frist
06.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Bak alle dei lysande skjermane og store, viktige systema som hjelper til å halde sjukehusdrifta i gang står Helse Vest IKT. Vi forvaltar faktisk både dei kliniske og administrative systemløysingane for alle sjukehusa og andre helseføretak i Helse Vest. Vi er ei av dei største IT-verksemdene i Vest, men fokuset vårt er alltid Pasienten.

I katalogen vår har vi alt frå komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er særs kritiske i pasientbehandlinga, og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt i mellom dei som lagar programvara, og dei som skal bruke den - vi er bindeleddet. Det er difor viktig at våre forvaltarar både forstår og evnar å snakke sjukehus-språk på kundesida , og teknikar-språk frå våre leverandørar. Vi vil verdsette relasjonsevner høgt i rekrutteringa av våre forvaltarar, og vi ser etter personar som både tør å spørje for å forstå, som deler kunnskapen sin fritt, men som òg tør å ta initiativ og styring når det skal til.

Avdeling Tenesteutvikling har forvaltingsansvar for dei fleste systema våre. Dette inkluderer mellom anna endringshandsaming, planlegging og gjennomføring av oppgraderingar, system- og prosessforbetring, tett dialog med leverandørane våre, og 3. linje saksbehandling (mot leverandør) når all anna brukarstøtte feilar.
Vi ser no etter deg som har teknisk bakgrunn, anten innanfor IKT eller helsefag, som trivst i digitale løysingar, og som har eit engasjement for vidareutvikling av løysingar ved hjelp av teknologi og dialog. Erfaring frå helsetenesta tel positivt.

Er du usikker på om du har alle kvalitetane vi ser etter, vil vi gjerne vere dei som avgjer det - send oss søknaden din uansett!

 

Arbeidsstad: Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde

     

Arbeidsoppgåver

  • Forvalting og vidareutvikling av dine system:
    • Konfigurasjon og oppsett
    • Vidareutvikling av løysinga
    • Vere tolk og bindeledd mellom leverandør og kunde (sjukehus)
    • Ha 3. linje-rolla, vere siste støtteinstansen før saka går over til leverandør
    • Både forstå systemet og funksjonaliteten, og sjå samsvaret med behovet til kunden
    • Sakshandsaming, både brukarstøtte og anna dokumentasjon
  • Kvalitetssikring og kvalitetsforbetring
  • Fungere som knutepunktet mellom oss, leverandørar og andre eksterne, og helseføretaka.
  • Organisere testing i samband med nye utrullingar og oppgraderingar, utprøving av prosessar.
  • Du vil óg få høve til å bistå inn i større og mindre prosjekt i Helse Vest-portefølja

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefag
  • Erfaring med forvalting av IKT-system og -løysingar vil vere positivt
  • Kjennskap til prosessar i sjukehusa vil óg vere positivt for nokre av stillingane
  • Teknisk kompetanse, erfaring og forståing
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
  • Evne til å formulere seg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • God sosial kompetanse - du ser alle sine behov og klarer å formidle det som skal til
  • Tverrfaglegheit - du likar å tileigne deg ny kunnskap og ta tak der det trengst
  • Tydeleg - du har ikkje telefonskrekk, frykt for å ta ordet, eller vere ærleg om det som manglar
  • Overblikk for detaljar - du er løysingsorientert og feilsøkande, men har evna til å løfte blikket og sjå heilskapen
  • Smittsam personlegdom - i ein pressa situasjon klarer du å få fram det positive, og få frustrasjon til å verte løysingsjakt

Vi tilbyr

  • Ein trygg arbeidsstad, med ryddige arbeidstider og gode pensjonsordningar
  • Gode utviklingsmogelegheiter, både kompetansemessig og karrieremessig
  • Inkluderande, kunnskapsrike kollegaer som alle jobbar for det felles beste
  • Ein plass i vårt team, der du vil verte løfta fram som du sjølv vil
  • Fleksibel og moderne arbeidstidsordning 
  • Moderne maskinvare og utstyr

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Jonas Lies vei 77, 5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 5527 Haugesund
  • 6800 Førde
  • 4016 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Nilsen
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
92 26 53 56
Kontaktperson
Oddny Sønnesyn
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
94 86 49 42
Kontaktperson
Margunn Pile Torpe
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
95 82 99 64
Følg firma
827 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 77, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 199033875
Sist endret 20. nov. 2020 08:06

Rapporter annonse