Er du ein dyktig samfunnsøkonom med interesse for miljø?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar - samfunnsøkonom
Frist
07.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Vi søker etter ein samarbeidsorientert og engasjert medarbeidar som kan bidra til å styrke arbeidet med samfunnsøkonomiske vurderingar i Miljødirektoratet. Hos oss vil du få spennande oppgåver som å utforme samfunnsøkonomiske analysar og bidra med samfunnsøkonomiske vurderingar på ulike miljøfaglege område. Arbeidet er i hovudsak prosjektorganisert og knytt til direktoratet si rådgiving til Klima- og miljødepartementet.

Miljøøkonomiseksjonen er ein av fem seksjonar i Vann- og kunnskapsavdelinga. Seksjonen har ansvar for samfunnsøkonomiske vurderingar knyta til direktoratet sine arbeidsoppgåver innan både forureining og naturforvalting. Vi arbeidar på tvers i organisasjonen, er rådgivarar for miljøfagavdelingane og har oppgåver på dei fleste av direktoratet sine miljøområde, som klima, naturmangfald, miljøgifter, luftkvalitet og avfall. Miljødirektoratet har ei målsetting om å bli ledande i forvaltinga på bruk av miljøøkonomi, og vi har særleg behov for å styrke dette arbeidet på naturmangfaldsområdet. Hovudvekta av arbeidsoppgåver i denne stillinga vil derfor være knytt til naturmangfaldspørsmål.

Seksjonen har 13 dyktige medarbeidarar og er organisert med medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av den utlyste stillinga er i Trondheim.


Stillinga sine hovudansvarsområde
  • utforming av konsekvensvurderingar og annan samfunnsøkonomisk analyse på direktoratets arbeidsområde
  • samfunnsøkonomiske vurderingar knyta til naturmangfald, mellom anna synleggjering og verdsetting av naturverdiar
  • bidra til å utvikle god samfunnsøkonomisk kompetanse i seksjonen
  • gi råd til fagavdelingane om samfunnsøkonomiske vurderingar i større enkeltsaker
  • bidra til at konsekvensvurderingar i direktoratet oppfyller dei krav og føringar som statsforvaltinga har til utgreiingar
  • bidra til opplæring i miljøøkonomi for fagavdelingane

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • utdanning på mastergradsnivå innan samfunnsøkonomi, siviløkonomi eller tilsvarande. Samfunnsøkonomiske tema må være ein vesentleg del av utdanninga.
  • du må være fagleg dyktig og kunne bruke faget på praktiske problemstillingar
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
  • erfaring frå arbeid med samfunnsøkonomiske analysar er ein fordel
  • du har god kjennskap til, og helst erfaring frå, offentleg forvalting
  • kompetanse på synleggjering og verdsetting av naturverdiar vil telle positivt
  • kunnskap om verkemiddelanalyse og verkemiddelbruk i andre sektorar er ønskeleg

Eigenskapar

  • du finn heilskaplege løysingar på fagleg samansette problemstillingar
  • du har god rolleforståing
  • du samarbeider godt med kollegaer med ulik fagbakgrunn
  • du kan arbeide sjølvstendig, målretta og du tek ansvar for eigne leveransar
  • du er ein dyktig formidlar med god skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd i vurderinga av søkarane.


Vi tilbyr
  • fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar frå kr. 507 400 (ltr. 57) til kr. 586 500 (ltr. 65), eller som seniorrådgivar frå 535 200 (ltr. 60) til kr. 708 000 (ltr. 75) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan lønnsplasserast høgare.

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Guro Børnes Ringlund på telefon 932 92 489 /guro.bornes.ringlund@miljodir.no, eller seniorrådgivar Kirsten Grønvik Bråten på telefon 41497011/ kirsten.gronvik.braten@miljodir.no .

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 52-2020 VMI

Søknadsfrist: 07. januar 2021

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Sektor
Offentlig
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning,
Samfunnsviter
Følg firma
1188 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 197962601
Sist endret 24. nov. 2020 11:06

Rapporter annonse