Inaktiv

Prosjektkoordinator arkiv, bibliotek og museum

Arbeidsgiver
Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Stillingstittel
Prosjektkoordinator arkiv, bibliotek og museum
Frist
23.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre Og Romsdal Fylkeskommune

Vi søker etter

Prosjektkoordinator arkiv, bibliotek og museum i 100 % fast stilling ved kulturavdelinga, arbeidsstad Ålesund. Tiltreding etter avtale.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å fremme ei heilskapleg tenking rundt arkiv, bibliotek og museum (ABM). Vi ser at fagområda har fleire overlappande oppgåver, og ei tettare samhandling vil skape viktige synergiar i åra som kjem. Prosjektkoordinatoren får i oppgåve å utarbeide kunnskapsgrunnlag og analyser som grunnlag for utvikling og regionale vegval i åra som kjem. Innretning og prioriteringar skal forankrast i ny fylkesstrategi for kultur. Det ligg også til stillinga å hente inn kunnskap om internasjonale og nasjonale trendar som grunnlag for å definere fylkeskommunen sitt regionale handlingsrom for utvikling av tiltak i åra som kjem.

Kulturavdelinga har fleire satsingar knytt til verdiskapingsprogram og ulike utviklingsprosjekt. Prosjektkoordinatoren får i oppgåve å koordinere satsinga som har grensesnitt inn mot seksjonen. Dette inneber å kople og knytte tilsette i seksjonen til prosjekta og be om nødvendige leveransar for at program og prosjekt held nødvendig framdrift.

Den som blir tilsett må ha eit sterk ønske om å arbeide aktivt for å utvikle ein organisasjonskultur som skal bere preg av å vere dynamisk, entreprenørprega og kreativ for at vi skal utvikle feltet inn mot ei ny tid.


Du får jobbe med å

  • utvikle, drive fram prosjekt og vere prosjektleiar i enkelte prosjekt knytt til avdelinga sine verdiskapingsprogram/ prosjekt innan kulturarvområdet
  • drive fram omstilling i forvaltninga og fornye arbeidsmetodar - vere endringsagent
  • utvikle kunnskapsgrunnlag og analyser om områda arkiv, bibliotek og museum som grunnlag for regional politikkutforming og prioriteringar


Vi søker deg som har

  • høgare utdanning innan høgskule- eller universitet (mastergrad eller liknande), fortrinnsvis innan arkiv, bibliotek og museum
  • kunnskap om og erfaring frå ABM-feltet, samt nasjonale/ internasjonale trendar og føringar innan feltet
  • kunnskap om prosjekt, prosessleiing, involverings- og medverknadsprosessar
  • erfaring frå arbeid i team, utvikle nettverk og nødvendig kompetanseløp innan feltet
  • erfaring frå offentleg forvalting
  • digital kompetanse
  • evne til jobbe sjølvstendig, vere nysgjerrig og samtidig dele og inkludere (samhandlingsevne)
  • er ein god lagspelar, lyttar og pådrivar for feltet
  • Førarkort, kl. B.


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet

i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar. Avdelinga har 42,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300 millionar kroner. Den som tiltrer stillinga får vere med å utvikle kulturminnefeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod. Det er kort veg til flyplass med avgangar til inn og utland i alle våre tre byar.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Kirkegata 10 B, 6004 Ålesund
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Museer, gallerier og kulturminne,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Planlegger,
Rådgivning

Nøkkelord

kulturarv, kulturminne, prosjekt, offentlig forvaltning, omstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Kjøl Tornes
Stillingstittel
Assisterande kulturdirektør
Telefon
71 28 02 91
Mobil
971 95 375
Kontaktperson
Inger Lise Aarseth
Stillingstittel
Konst. seksjonsleiar
Mobil
971 13 962
Følg firma
91 følger dette firmaet

Kirkegata 10 B, 6004 Ålesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 197787220
Sist endret 24. nov. 2020 00:04

Rapporter annonse