Utløpt

Vil du bidra til styrke klimaarbeidet i kommunane?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Eitt års prosjektstilling som rådgivar/seniorrådgivar i klimaavdelinga
Frist
22.11.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Om stillinga

Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i, og jobbe med klimaarbeid retta mot lokalt og regionalt nivå? Er du oppteken av ei berekraftig samfunnsutvikling? Likar du også å finne lokale løysingar på globale utfordringar, er det kanskje deg vi ser etter. Våre medarbeidarar leverer resultat, set arbeidsoppgåvene inn i ein heilskap, sikrar læring og utvikling, og samarbeider godt internt og eksternt.  

Seksjon for klimatilpassing og lokale klimatiltak (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/klimaavdelingen/klimatilpasning-og-lokale-klimatiltak/), som ligg i klimaavdelinga (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/klimaavdelingen/), har 14 medarbeidarar og jobbar med utsleppsreduksjonar og klimatilpassing retta mot kommunal og regional forvalting. Seksjonen forvaltar tilskotsordninga Klimasats for å støtte aktivitetar som redusera utslepp av klimagassar og som bidrar til omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar. Vi støttar også departementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing og har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på statleg nivå.  

Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av denne stillinga er på Helsfyr i Oslo. 


Stillinga sine hovudansvarsområde
  • samle og videreformidle resultater og erfaringer fra Klimasats-prosjekter 
  • saksbehandling av tilskotsordninga Klimasats  

Samt bidra til:  

  • rettleie og formidle i klimaomsyn mot kommunalt og regionalt nivå 
  • rådgjeving - spesielt for Klima- og miljødepartementet (KLD) 
  • utgreiingsoppgåver og prosjekt knytt til seksjonen sine ansvarsområde 

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • du har fullført utdanning på mastergradnivå innan samfunns- og arealplanlegging, naturvitskap, samfunnsvitskap, eller innan andre fagområde relevant for klimaarbeid.  
  • du har kunnskap om klimagassutslepp og lokale klimatiltak 
  • du har erfaring frå sjølvstendig arbeid innanfor relevante fagområde, også gjerne tilskotsforvaltning 
  • du har gjerne erfaring frå arbeid i eller med kommunar, fylkeskommunar eller fylkesmenn 

Eigenskapar

  • du skriv og kommuniserer godt på både norsk og engelsk 
  • du har god samfunns- og rolleforståing, og er god på å vurdere heilskap og samanhengar 
  • du har interesse for klima og politiske prosessar på lokalt og regionalt nivå  
  • du jobbar sjølvstendig og systematisk og har evne til å levere 
  • du er god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort 

Vi tilbyr
  • ei eittårig midlertidig stilling frå ca. 1. januar 2021 med moglegheit for forlenging, som rådgivar med lønn frå kr. 474 500 (ltr. 53) til kr. 586 500 (ltr. 65) eller som seniorrådgivar med lønn frå kr. 535 200 (ltr. 60) til kr. 670 100 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.  
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde 
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling 
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida  
  • fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse 

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Herdis Laupsa, telefon 930 69 271 eller e-post:  herdis.laupsa@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til avdelingskoordinator Helle Myrthel Kvalvik, telefon 405 51 311. 

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no. Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 53-2020 KLK

Søknadsfrist: 22. november 2020

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Sektor
Offentlig
Sted
Grensesvingen 7, 0661 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / occupation_engineer_bioengineering,
Samfunnsviter,
Ingeniør / Kjemiingeniør
Følg firma
1188 følger dette firmaet

Grensesvingen 7, 0661 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 197415220
Sist endret 6. nov. 2020 10:41

Rapporter annonse