Utløpt

Næringsrådgjevar

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Næringsrådgjevar
Frist
13.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Er du klar for nye utfordringar i ein aktiv kommune?

Bykle kommune vil styrke staben som arbeider med næringsutvikling.
Som næringsrådgjevar vil du primært arbeide med etablering og vidareutvikling av arbeidsplassar og næringsliv i Bykle kommune.  
Du vil få særleg ansvar for dialog med næringslivet om utvikling av ordningar og rammevilkår, tilrettelegging av infrastruktur og gjennomgang av virkemiddel og ordningar som møter næringslivet sine behov / ønskje. Vi ønskjer å starte arbeidet med strategisk næringsplan, med ein brei og involverande prosess frå lokale aktørar/bransjer, og regionalt / anna virkemiddelapparat. Du får eit nettverk med Agder fylkeskommune, Innovasjon Norge og næringsnettverket i Setesdal.
Velkomen til ein hektisk og ambisiøs kvardag med mulegheiter til både ein interessant jobb og ei fritid med ein natur tett på, som innbyr til aktivitet og heilårsopplevingar!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å utvikle kommunen sin strategiske næringsplan og delta i oppfølging.
  • Vere pådrivar og koordinator i kommunens næringsarbeid
  • Sakshandsaming av søknader om etablerar- / bedriftsutviklingsstøtte og andre næringsrelaterte prosjekt/initiativ - disponering av næringsfond.
  • Oppfølging og rapportering av næringsarbeid/løyvingar.
  • Leggje til rette for entreprenørskap, bedriftsutvikling og kompetanseheving
  • Rettleie etablerarar og verksemder om virkemiddelapparat og ordningar
  • Prosjektorganisering og styring
  • Koordinere og følgje opp alle kommunen sine utbyggingsavtaler/ utviklingsavtaler
  • Arbeide med nye utbyggingsavtaler
  • Bidra til å vidareutvikle fagområdet, med fokus på rutinar, effektivisering og digitalisering
  • Ander oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Relevant erfaring frå næringsliv og /eller næringsutviklingsarbeid /prosjekt i privat/offentleg sektor
  • Kunnskap om regelverk for offentlege anskaffelser
  • Kunnskap om avtalerett
  • God kunnskap og erfaring frå offentlig forvaltning er ein fordel
  • God kjennskap til plan- og bygningslova
  • God økonomiforståing
  • Dokumentert god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • God gjennomføringsevne, viser initiativ og er resultatsorientert.
  • Engasjert, positiv med godt humør og god arbeidskapasitet
  • Er ein lagspelar og kan samarbeide godt i team, samtidig som du må kunne arbeide sjølvstendig.
  • Uttrykkjer deg lett og godt både munnleg og skriftleg, legg til rette for god dialog og er tydeleg i kommunikasjon.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag
  • Mulegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad 


For stillinga gjeld elles dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% av løn til KLP.     

 

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karina Sloth Grindland
Stillingstittel
Kommunedirektør
Telefon
48 00 80 06
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 196579968
Sist endret 29. okt. 2020 17:46

Rapporter annonse