Utløpt

Rådgjevar/planleggjar sykkel og gange

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/planleggjar sykkel og gange
Frist
16.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Vi søkjer no ein ny kollega til eit sterkt fagmiljø og inkluderande arbeidsmiljø som vil være med å bidra inn i det spennande samfunnsoppdraget med utvikling og tilrettelegging for gåande og syklande i heile Vestland fylke. Stillinga er lagt til eininga utgreiing som er en del av seksjon for forvaltning, utgreiing og geodata (FUG). Arbeidsstad er Bergen eller Leikanger. Andre kontorstader kan vurderast. 

Arbeidsoppgåver

  • Vi tilbyr spennande oppgåver innan planlegging og tilrettelegging for gåande og syklande i Vestland fylke
  • Være fagperson på sykkel og gange i interne og eksterne prosjekt
  • Følgje opp prosjekt i Miljøløftet
  • Bidra til bygging av fysiske tiltak som skal sikre mjuke tra?kantar eit betre tilbod i Vestland fylke
  • Kartlegge og følgje opp gjennomføring av tiltak i kommunane
  • Svare ut førespurnader frå kommunar, verksemder og private knytt til sykkel og gange på vegne av fylkeskommunen
  • Sikre god samhandling med seksjonane på avdelinga i saker knytt til fagområdet

Hos oss kan du forvente

  • Spennande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Kvalifikasjonskrav

  • Tre års høgare utdanning frå universitet eller høgskule (ingeniør, arealplanleggjar, geograf, mv.)
  • Krav til utdanning kan fråvikast ved relevant erfaring innanfor de aktuelle fagområdane

Ønska kvalifikasjonar

  • Interesse for planlegging/tilrettelegging for gåande og syklande
  • Detaljkunnskap om sykkelløysingar
  • Arbeidserfaring frå offentleg forvaltning
  • Arbeidserfaring med veg-, transport- og arealplanlegging
  • Kunnskap om lovverk som er relevante for arbeidsoppgåvene, som t.d. veglova og plan- og bygningslova
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
  • Løysningsorientert
  • Evne til fagleg utvikling og kunnskapsdeling
  • Gjennomføringsevne
  • Evne til å skape tillit

Vil du vite meir om stillinga er du velkomen å ta kontakt med leiar utgreiing på telefon; 916 66 160 eller på e-post Carl.Erik.Nielsen@vlfk.no. 

Anna generell informasjon

Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. 

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Carl Erik Nielsen
Stillingstittel
Leiar utgreiing
Telefon
91 66 61 60
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 196442035
Sist endret 28. okt. 2020 12:22

Rapporter annonse