Barnepleiar/helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Barnepleiar/helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- Frist
- 11.11.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Ved Poliklinikk for gravide, mor og barn har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet. Den har og barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.
Fødeseksjonen er ein spennande arbeidsplass for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar som ønskjer å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg.
Dersom du ønskjer å arbeide i eit godt og utfordrande fagmiljø og bidra til å utvikle tenestene våre har Fødeseksjonen ledig 3 faste stillingar som barnepleiar/ helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Stillinga har tredelt turnus, men du må pårekne mykje nattevakter. Vi har årsarbeidsplan, med 16 helgar i løpet av året. Vi søkjer barnepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar med norsk autorisasjon. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing av "nybakte foreldre"
- Oppfølging av føde - barselkvinner med stor vekt på ammehjelp, i samarbeid med jordmor
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Vidareutdanning innan barne- og barselpleie er ein føremon
- Vidareutdanning innan amming er ein føremon
- Må ha grunnleggjande IKT kompetanse
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar, men og kunne arbeide sjølvstendig
- Fleksibel
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø og meistre uforutsigbarhet i løpet av arbeidsdagen
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling gjennom eit meiningsfylt arbeid
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Kvinneklinikken, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
barnepleier,, ammeveiledning
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Martha Vadset
- Stillingstittel
- Avdelingsjordmor
- Telefon
- 55 97 42 77
Følg firma
2248 følger dette firmaet
Kvinneklinikken, 5021 Bergen