Utløpt

VI SØKER ETTER RÅDGIVAR

Arbeidsgiver
Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS
Stillingstittel
Rådgivar
Frist
16.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Stillinga som rådgivar vil innebere å vere administrativ "støttespelar" for kontrollutvala i medlemskommunane. Det betyr mellom anna å sørge for at saker som skal handsamast i kontrollutvala, er forsvarleg utgreidd og at utvala sine vedtak blir iverksett.


Stillinga omfattar også kontakt med medlemskommunane sin administrasjon når det gjeld oppfølging av saker frå kontrollutvala til kommunestyra.


Nær kontakt og samarbeid med kommunerevisjonen blir og ein viktig del av arbeidet i sekretariatet. For stillinga er det naudsynt med erfaring frå kommunal sektor, rolleforståing og god kunnskap om politisk styring.


Evne til å arbeide sjølvstendig, analytisk og systematisk er ein føresetnad for å lukkast med desse arbeidsoppgåvene. Då får ein og stor friheit og moglegheit til å styre eigen kvardag.


Stillinga er nær knytt til møte i kontrollutvala og inneber difor reiseverksemd og fleksibel arbeidstid. Ein må disponere eigen bil og får godtgjersle etter staten sine satsar.


Vi ser etter ein kandidat med minimum bachelor utdanning innanfor statsvitenskap, jus eller revisjon/økonomi. Vidare er det naudsynt med minimum 3 års arbeidserfaring frå kommunal sektor.


Vi tilbyr god fagleg utvikling/kurs, tenestepensjon i KLP, løn etter avtale og fleksibel arbeidstid.


Den enkelte kommune si målform vil bli nytta.


Dersom dette er interessant ber vi om at du kontaktar dagleg leiar Bjørn Tømmerdal for meir informasjon. Tilsetting etter nærare avtale.

Om arbeidsgiveren

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS utfører sekretariatfunksjonar for 6 kontrollutval på Sunnmøre (Ålesund, Giske, Sula, Sykkylven, Stranda og Fjord).

Selskapet er forankra i ein deltakaravtale for etablering av eit kompetent, uavhengig og tenleg sekretariat for kontrollutvala i deltakarkommunane.

Vi held til i moderne lokale i Breivika i Ålesund. For meir informasjon om selskapet og oppgåver kan du sjå nærare på vår heimeside.

Sektor
Offentlig
Sted
Lerstadvegen 545, 6022 Ålesund
Bransje
Offentlig administrasjon,
Organisasjoner,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Tømmerdal
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
92 61 17 35
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Lerstadvegen 545, 6022 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 195838707
Sist endret 4. des. 2020 12:40

Rapporter annonse