Utløpt

Har du lyst å jobbe med miljøforvaltning hjå Fylkesmannen?

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/ seniorrådgjevar - innan forureining, ei fast stilling og eit årsvikariat
Frist
09.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Fylkesmannen i Vestland
Om stillinga

Har du lyst til å jobbe med forureiningssaker? Fylkesmannen har seks avdelingar med ein brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 48 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med kontorstader på Leikanger og i Bergen.  

Miljøavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgjevar/ overingeniør med kontorstad Leikanger og eit ledig vikariat på eit år med kontorstad Bergen. Fylkesmannen er styresmakt for ulike avfalls- og industribransjar og stillinga inneber rettleiing, sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova. Tilsyn er eit prioritert område og det vil vere ein del reiseverksemd i fylket.


Arbeidsoppgåver
  • handsame søknadar om utslepp for industri og avfallsanlegg frå private verksemder og kommunar
  • gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
  • handsame klager på kommunale vedtak og forureining
  • ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar

Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova.

Andre oppgåver knytt til miljøforvaltning kan og bli aktuelle.


Kvalifikasjonar
  • høgare teknisk eller naturfagleg utdanning
  • røynsle frå offentleg miljøforvaltning
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • strukturert og sjølvstendig
  • fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan forureining
  • omgjengeleg i samarbeid med andre
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)

Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning.


Som tilsett hos Fylkesmannen får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillingane er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 500 000 - 610 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stillinga som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • miljødirektør Kjell Kvingedal på telefon 55 57 23 12 eller mobil 975 04 050
  • seksjonsleiar Sissel Storebø på telefon 55 57 23 17 eller  mobil 928 27 86

 


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
224 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 195827727
Sist endret 23. okt. 2020 09:57

Rapporter annonse