BESATT

Vil du bidra til eit politisk skifte etter valet?

Arbeidsgiver
SV - Sosialistisk Venstreparti
Stillingstittel
Valkampmedarbeidar
Frist
21.11.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med SV - Sosialistisk Venstreparti

SV har ledig eit engasjement som valkampmedarbeidar i 100% stilling, for perioden 1. januar til 31. desember 2021.

Arbeidsoppgåver

Alle som er tilsett i SV vil vere involvert i valkampen, men som valkampmedarbeidar vil du få eit sjølvstendig og særleg ansvar for utvikling og framdrift i ulike delar av denne. Vi kan særleg trekke fram:

  • Ansvar for den nasjonale ringesentralen i Oslo.
  • Innhaldsansvar for løpesedler og andre trykksaker til bruk i valkampen.
  • Ansvar for gjennomføring av ulike kampanjer gjennom valkampen .

Valkampmedarbeidaren vil vil samarbeide tett med SV si valkampleiing, og delta i fleire ulike arbeidsgrupper.

Om deg

  • Du er strukturert og sjølvstendig, og har svært gode evner til samarbeid.
  • Du har organisasjonsforståing og erfaring frå kampajearbeid.
  • Du har gode formuleringsevner og er språksikker, både i nynorsk og på bokmål.

Om stillinga

Føremålet med stillinga som er å fremje partiets politiske syn. Den som blir tilsett i stillinga må kunne tilslutte seg hovudtrekka i SV sitt politiske prosjekt og våre politiske program.

Stillinga blir løna etter Landsoverenskomsten mellom Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening  (AAF) og Handel og Kontor (HK) samt SV sin lokale lønspolitikk. Stillinga er innplassert i stillingskategori organisasjonssekretær, som tilsvarar eit lønsspenn frå lønssteg 34-51, etter kompetanse og erfaring. (Ft kr 415.218-576.734 i årsløn). 

Vi kan vi tilby eit kreativt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige medarbeiderarar. Vi har fleksibel arbeidstid, men du må pårekne noko kvelds- og helgearbeid.

Er du interessert i jobben? Registrer søknaden din på søknadsportalen på finn.no, og last opp CV og søknadsbrev innan 21. november.

Om arbeidsplassen

SV har 12 tilsette på partikontoret, og i tillegg er det tilsett fylkessekretærar i alle fylker. Arbeidsstad for valkampmedarbeidaren er i utgangspunktet SV sitt partikontor på Tøyen i Oslo, men dette kan diskuterast.

Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn. 

Om arbeidsgiveren

Sosialistisk Venstreparti er i sterk vekst, og søkjer deg som vil vere med på arbeide for endå større opplutning . SV arbeider for eit rettferdig og miljøvenleg samfunn der viktige samfunnsoppgåver blir løyst i fellesskap, og der vi skaper eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få.

Sektor
Organisasjoner
Sted
Hagegata 22, 0653 Oslo
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Politikk, Valg, Valgkamp, Demokrati

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Fjellanger
Stillingstittel
Valkampleiar
Mobil
95 97 72 33
Kontaktperson
Eli Ulvestad
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
99 46 49 95
Følg firma
157 følger dette firmaet

Hagegata 22, 0653 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 195732144
Sist endret 30. apr. 2021 20:49

Rapporter annonse