Utløpt

Kontrollingeniør for driftskontraktar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kontrollingeniør for driftskontraktar
Frist
08.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet , samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna  vert tatt vare på. 

Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for tra?kksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar med vaktordning, der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller ?aum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald og tunneloppgradering. Det er eit mål å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å få til det er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og  beredskap.

Vi søkjer etter kontrollingeniør driftskontrakt med kontorstad Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av kontrakt 
  • Gjennomføre stikkprøvekontrollar på utført arbeid av driftsentreprenørane på kontrakt
  • Utarbeide gode kontrollplanar, samt dokumentere og rapportere kontroll resultata
  • Følgje opp å understøtte HMS-arbeidet innenfor kontraktsområdet 

Vi kan tilby 

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø    
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Kvalifikasjonar  

  • Utdanning frå universitet, høgskule, eller fagskule
  • Lang erfaring og allsidig praksis kan kompensere for formell utdanning
  • Gode kunnskapar i bruk av IKT-verktøy
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskap vi vektlegg er evne til å jobbe sjølvstendig og saman med andre. Det er også viktig at du er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne. 

    Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar drift Sør Mariann Kråkenes Jørgensen på telefon; 950 88 763.

    Vi tilbyr

    Stillingstittel vil bli tilpassa kvali?kasjonane til dei som får tilbod stilling. 

    Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

    Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

    Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
    Bransje
    Annet,
    Drift og vedlikeholdstjenester,
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Ingeniør,
    Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Mariann Kråkenes Jørgensen
    Stillingstittel
    leiar drift Sør
    Telefon
    95 08 87 63
    Følg firma
    1076 følger dette firmaet

    Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 195729990
    Sist endret 22. okt. 2020 12:14

    Rapporter annonse