Utløpt

Jordmor

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Jordmor
Frist
08.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Ønskjer du å arbeide ved føde- og barselseksjonen i Ålesund? Vi har fleire ledige 100% stillingar for jordmor.

Stillingane har oppstart snarast, eller etter avtale. Alle stillingane har tredelt turnus, med høve til individuell tilpassing for arbeidstakarar som har lang reisevei.  

Vi er ei spennande avdeling med eit stabilt og høgt kvalifisert fagmiljø. Vi har jordmor-poliklinikk med svangerskapskontrollar og ultralyd.
Mange av jordmødrene våre har spesialkompetanse innan ulike område. Vi har to fødestover med badekar, og tilbyr fødsel i vatn.
Kvinner med høgrisikosvangerskap i fylket blir selektert til å føde i Ålesund, her er det også nyfødt-seksjon og barnesengepost.

Ved intern rokering kan andre stillingar/stillingsbrøkar bli ledige

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er ved føde og barselavdelinga
  • Vi  har ca. 1200 fødslar pr år.

Kvalifikasjonar

  • Formelle kvalifikasjonar
  • Søkjar må dokumentere norsk autorisasjon
  • Sjukepleiar kan søkje og vil bli vurdert for engasjement i inntil 6mnd, dersom vi ikkje får tilsett kvalifiserte jordmødre

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike jordmødre som har interesse for alle arbeidsoppgåver innan jordmorfaget, og som kan vere med å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
  • Tilleggskompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Avdelinga har i fleire år hatt årsturnus.
  • 12-timars-vakter for dei som ønskjer det.
  • Lønn etter gjeldende overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass i ei inkluderende arbeidsliv-bedrift
  • Vi kan tilby tilrettelegging for pendlarturnus.

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF gir
spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom
pasientverdiprosessen skape pasientens helseteneste . Vår visjon er å vere
''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om
lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og
Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk
helsevern og rusbehandling. Kontinuerleg forbetring er valt til hovudstrategi
for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur
til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.
Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.


 


Vi
ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i
søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der
det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom
oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer
ikkje kontakt med annonseseljarar. 


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier / Jordmor

Nøkkelord

jordmor, føde, barn, fødsel, helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Martha Kvasnes Molvær
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
70 10 59 38
Følg firma
33 følger dette firmaet

Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 195641482
Sist endret 21. okt. 2020 14:35

Rapporter annonse