Utløpt

Vil du arbeide med sirkulær økonomi?

Arbeidsgiver
Klima- og miljødepartementet
Stillingstittel
rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
03.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KLIMA- OG MILJØDEPARTEMENTET
Kva gjer vi i avfalls- og marin forsøplingsseksjonen?

Vi har ansvaret for internasjonalt arbeid, EU/EØS-arbeid og nasjonal politikkutvikling innan områda avfall, plast, marin forsøpling og sirkulær økonomi. Seksjonen har òg ansvar for miljøkrav i offentlege innkjøp, miljøspørsmål i forbrukarsaker og miljømerking.


Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
  • nasjonalt og internasjonalt arbeid innan avfall, sirkulær økonomi og marin plastforsøpling
  • utvikle og følgje opp økonomiske og andre verkemiddel nasjonalt og internasjonalt
  • deltaking i internasjonalt arbeid på seksjonens ansvarsfelt
  • skrive taler og pressepunkt og støtte politisk leiing i samband med møte og arrangement både i Noreg og internasjonalt

Arbeidet vil også handle om å utvikle fagleg grunnlagsmateriale og gje faglege råd til politisk leiing. Dette føregår i eit tett og tverrfagleg samarbeid med kollegaer i seksjonen.

Du vil òg arbeide tett med andre seksjonar i Klima- og miljødepartementet (KLD) og andre departement, ha brei kontakt med underliggjande etatar, næringsliv og med kommunesektoren.


Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn:

Kvalifikasjonskrav:

  • høgare utdanning på mastergradsnivå som samfunnsøkonom, ressursøkonom eller tilsvarande; med gode karakterar. 
  • relevant erfaring frå arbeid med miljø og klima
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønskjeleg:

  •  fortrinnsvis arbeidserfaring frå departement, verkemiddelutvikling og/eller samfunnsøkonomisk analyse

For å lukkast i stillinga må du:
  • vere analytisk, strukturert og ha stor arbeidskapasitet
  • arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • ha god prioriterings- og gjennomføringsevne
  • forstå rolla som del av embetsverket kring den politiske leiinga i eit departement
  • vere fleksibel og trivast med ein travel kvardag som er prega av raske endringar, og ha evne til å levere under tidspress

Kvifor skal du jobbe hos oss:
  • Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte.
  • Du får eit unikt høve til å bidra med faglege råd for politisk leiing.
  • Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.

Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter. Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med avdelingsdirektør Pål Spillum, tlf: 908 38 384.


Løn og tittel:

Årslønn fra kr. 498.800 - 630.500 (lønnstrinn 56 - 69), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

Ut frå kvalifikasjonane dine og mengde relevant arbeidserfaring vil du bli plassert som rådgjevar eller seniorrådgjevar, jf. personal- og lønspolitikken i departementet. Som ein hovudregel er det krav om to år relevant arbeidserfaring for å bli plassert som rådgjevar, og fem år som seniorrådgjevar.


Er dette stillinga for deg? Les følgjande:
  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
  • Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
  • Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søke.

Vi er opptekne av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng difor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.


Om arbeidsgiveren

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond. Departementet har om lag 250 tilsette.

Hav- og forureiningsavdelinga arbeider med strategi- og politikkutvikling og forvaltningsoppgåver retta mot hav- og nordområda, forureining, miljøgifter, marin forsøpling, samt mikroplast- og miljøomsyn i EØS-avtalen, handelsavtaler og investeringsavtaler.

Sektor
Offentlig
Sted
Kongens gate 20, 0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
1193 følger dette firmaet

Kongens gate 20, 0153 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 195537172
Sist endret 20. okt. 2020 15:33

Rapporter annonse