Utløpt

Økonomiansvarleg samferdsel - overordna økonomiplanlegging

Arbeidsgiver
Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgivar økonomi
Frist
02.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

ein strukturert økonomirådgivar med sterk fagleg integritet. Du vil få ansvar for det overordna økonomiarbeidet på samferdselsområdet, herunder delansvar for arbeidet med den handlingsretta delen av fylkesplanen. Sektoren har eit totalbudsjett på godt over 2 mrd kroner.

Du skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør, og opptrer på vegne av dei same i bestillingar mm til fagavdelingane.

På samferdselsområdet har vi eit dynamisk og spanande miljø i rask utvikling. Økonomirådgivaren vil arbeide med oppgåver som krev tett samarbeid internt og mellom forskjellige fageiningar i fylkeskommunen.

Som rådgivar vil du arbeide i styringsstaben til samferdselsdirektøren, som mellom anna har ansvar for overordna økonomistyring/-planlegging innafor samferdselsområdet i fylkeskommunen.


Du får jobbe med å

Bistå sektorleiinga med god styringsinformasjon på økonomiområdet innanfor gjeldende lov- og regelverk for økonomifunksjonen i fylkeskommunen og tjenesteområde samferdsel:

  • Ha ansvaret for totaløkonomien til tjenesteområde samferdsel
  • Koordinere og følge opp økonomiarbeidet innanfor samferdselssektoren med hovudfokus på økonomiplan/budsjett og økonomi-/rekneskapsrapportering
  • Sjølvstendige utgreiings- og analyseoppdrag innan økonomi- og verksemdsstyring ved behov
  • Sikre gode samarbeidsrelasjonar og god kommunikasjon i rutinar og leveransar innan fagområdet

Stillinga er særs viktig for at samferdselssektoren skal gjere dei rette tiltaka til rett tid med rett kvalitet. Som økonomirådgivar vil du arbeide sjølvstendig med arbeidsoppgåver hovudsakleg innan økonomiplanlegging, men også med økonomiske analyser på overordna nivå.

Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samtidig må du sjølv ta initiativ til utgreiingar. Arbeidet du bidrar med skal danne grunnlag for strategiske vegvalg på samferdselsområdet.


Vi søker deg som

Har høgare relevant utdanning (helst på masternivå), og gjerne med erfaring innanfor fagfeltet.

Stillinga krev at du kan gjennomføre tyngre analyser og arbeide sjølvstendig.

Det er ein fordel om du har erfaring med utgreiingsarbeid, gjerne frå prosjektleiing og arbeid i prosjektorienterte miljø.


Vi søker deg som har fagleg integritet, og som er trygg og sjølvstendig innan fagfeltet.

Du:

  • er strukturert
  • har stor arbeidskapasitet
  • har god gjennomføringsevne
  • tar lett initiativ
  • er ein tydeleg prosessleiar
  • er god til å samarbeide med andre
  • trivst i rolla som formidlar


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • eit innovativt kompetansemiljø i vekst og utvikling
  • spennande arbeidsoppgåver som du kan være med på å definere innhaldet i
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Tjenesteområde samferdsel er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt fagorgan på samferdselsområdet. Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk med buss, hurtigbåt og ferje i fylket Fylkeskommunen er den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3100 kilometer fylkesveg.

Fagområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM/kollektiv og Fylkesveg samt ei stabseining rundt samferdselsdirektøren. Tjenesteområde samferdsel har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde, Kristiansund samt på nokre større utbyggingsprosjekt i fylket.

Stillinga er plassert på samferdselsområdet, for tida med arbeidssstad i Molde.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

samferdsel, økonomiplan, budsjettering, analyse, økonomirådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arild Fuglseth
Stillingstittel
Samferdselsdirektør
Telefon
71 28 02 67
Mobil
91 53 00 85
Kontaktperson
Magne Arild Vinje
Stillingstittel
Ass samferdselssjef
Telefon
71 28 02 79
Mobil
91 37 85 82
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 195501632
Sist endret 2. des. 2020 10:32

Rapporter annonse