Utløpt

Vi søkjer engasjert leiar til Osterøy helsestasjon!

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Leiar for Osterøy Helsestasjon
Frist
01.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

 

Kort om stillinga:

Osterøy kommune er ein mellomstor kommune som ligg omtrent 35 minutter frå Bergen sentrum. Osterøy helsestasjon er pr. idag ein del av Familiens hus saman med barneverntenesta, PPT og Barn og Familieteamet. Vi arbeidar tverrfagleg for å gje gode tilbod til born, unge og deira familiar. Me er ein triveleg gjeng med mange engasjerte medarbeidarar som er lokalisert i nye lokaler i Lonevåg sentrum. 

Osterøy helsestasjon har 5 helsesjukepleiarar, ei jordmor, ei prosjektstilling og ein merkantil tilsett. Vi har fokus på å utvikle gode, universelle tiltak for å betre barn og unges levevilkår.  

Helsestasjonen er i dag ein del av sektor for oppvekst, utdanning og kultur. Sektoren og tenesteområdet har over tid hatt fokus på utvikling og kvalitet. Tenesta har vorte vesentleg styrka dei siste åra i tråd med sentrale føringar. I sektoren er det eit utstrakt samarbeid mellom tenestane for å gje eit samordna tilbod til barn og unge. 
Organisasjonen er i endring, noko som kan føre til omorganisering av tenestene. 

Me lyser ut ein 100% stilling som leiar for helsestasjonen.
Ved internt opprykk blir det ledig ein 100% stilling som helsesjukepleiar

 

Arbeidsoppgåver:

 

            fagleg, personal- og økonomiansvar for drift av helsestasjonen.

            sikre at helsestasjonen leverer tenester av høg fagleg kvalitet og utvikler tenesta slik at den best mogeleg kan møte framtidas krav og behov.

            leiar må har stort fokus på tverrfagleg samarbeid og kunne danne gode samarbeidsstrukturar.

            dette er ei kombinert stilling, kor leiing utgjer omlag 50% og det resterande er helsesjukepleiearbeid på helsestasjon 0-5 år og helsestasjon for ungdom.

            leiar for helsestasjonen er i dag med i leiargruppa for Familiens hus.

 

Kompetanse:

 Me søkjer deg som har godkjent sjukepleiarutdanning med vidareutdanning i helsesjukepleie, og som fortrinnsvis har leiarerfaring eller leiarkompetanse.

 

Personlege eigenskapar:

            kan leie tilsette med relasjonell kompetanse, er open og viser respekt

            har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø

            kan leie krevjande utviklingsarbeid og endringsprosessar

            er ein dyktig og empatisk helsesjukepleiar som brenn for born og unges oppvekstvilkår, og som ynskjer å gjere en positiv forskjell i møte med born, ungdom og deira familiar.

            har eit fagleg engasjement

            er opptatt av medverknad og brukarperspektiv, og å finne løysingar i samarbeid med involverte partar

            har gode samarbeidsevner og verdset samarbeid i kombinasjon med sjølvstendig arbeid

            har evne til å ha ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag

            er strukturert, handlekraftig og fleksibel

            har god skriftleg framstillingsevne

            er opptatt av å utvikle tenesta og bidra til høg kvalitet

 

 

Me tilbyr:

  • Variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø

  • kompetente medarbeidarar og gode kollegaer

  • fokus på fagleg utvikling

  • god pensjons-/ og forsikringsordning

  • tilsetjing på kommunale vilkår

 

 

Anna informasjon:

 

Søkjar må ha førarkort. 

Dersom du tek i mot stillinga må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3mnd. 

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier,
Ledelse

Nøkkelord

helsestasjon, leder, helsesykepleier, helsesøster, helsesjukepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bettina Bødtker Nordahl
Kontaktperson
Marianne Kollvangsnes Solberg
Telefon
98 63 95 07
Følg firma
173 følger dette firmaet

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 195382784
Sist endret 19. okt. 2020 09:32

Rapporter annonse