Utløpt

Er du på jakt etter ein spennande, utfordrande og viktig jobb?

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
IT konsulent
Frist
27.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer systemansvarleg for Gerica og Infodoc som er dei viktigaste journal- og dokumentasjonssystema i helse og omsorg. Gerica er helse og omsorg sitt journalsystem og Infodoc er journalsystemt til legetenesta. Systema vert nytta 24/7, og ein er avhengig av desse for å kunne ivareta pasientsikkerheita.


Den som vert tilsett vil ha ansvar for sikkerheitsfunksjonar knytt til funksjonell bruk, tilgangsrettigheiter, drift av Gerica og Infodoc samt jobbe med systematisk dataanalyse og rapportering for helse og omsorg. Det må påreknast arbeidsoppgåver innanfor informasjonssikkerheit og deltaking i daglege driftsoppgåver innanfor IKT.


Voss herad forventar at auka tenesteproduksjon skal skje gjennom effektivisering og forenkling. Heradet har ein auka satsing på utvida bruk av digitale tenester. Stillinga vil arbeide med utvikling, utvida bruk og kvalitetssikring av allereie eksisterande fagsystem og samtidig sjå på nye moglegheiter innanfor digitalisering.

Er du på jakt etter en spennande, utfordrande og viktig jobb? Da kan dette være rett jobb for deg! Stillinga er lagt til kommunalavdeling helse og omsorg.


Arbeidsoppgåver

Opplæring og brukarstøtte i Gerica og Infodoc både teknisk og funksjonelt

Tett dialog og samarbeid med fagavdelingane som har ansvaret for tenestene, og med IT avdelinga

Delta i kartlegging av IKT-relaterte behov og identifisere moglege løysningar

Delta i prosjekt med digitalisering av arbeidsprosessar

Oppfølging/koordinering av arbeid med informasjonssikkerheit og personvern

Delta i arbeidet med å etablere og gjennomføre effektive og forsvarlege administrative og operative rutinar

Autorisere brukarar av systemet med spesielle tilgangsgrupper

Internkontroll og analyser

Systemansvarleg vil ha en aktiv rolle i arbeidet med å fylgje opp superbrukarane.

Stillinga kan verta tillagt andre arbeidsoppgåver


Me søkjer

Mastergrad, bachelorgrad eller tilsvarande innan IKT. Krav til formell kompetanse kan fråvike ved bred og relevant erfaring frå tlsvarande arbeid.

Erfaring med system- og aplikasjonsforvaltning og brukarstøtte i fagsystem.

Kunnskap og erfaring med personvern og informasjonssikkerheitsarbeid

Er oppdatert på trendar og utvikling innan IKT

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsev

Forståing for effektiv styring og leveranse av helse- og omsorgstenestene

Gerica kompetanse på struktur-nivå eller tilsvarande kompetanse frå annet EPJ system


Personlege eigenskapar

Du liker mennesker, rutineoppgåver og tall

Du er ryddig, nøyaktig og ser praktiske løysningar

Du er positiv og serviceinnstilt

Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver

Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Er strukturert, ansvarsbevisst og nøyaktig

Har gode samarbeidsevner og kan jobbe både sjølvstendig og i team

Har sterk fagleg kompetanse og ei heilheit tilnærming

Ein må kunne leia nødvendige digitaliseringsprosessar

Personleg egnethet vil verta vektlagt


Me tilbyr

Spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med gode utviklingsmoglegheiter

Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø der kvar arbeidstakar har store faglege utfordringar

Leiarar som er opptekne av myndiggjorte tilsette

Trivelige arbeidslokaler sentralt i heradet

Fleksitidsordning

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell,
påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Sektor
Offentlig
Sted
5700 Voss
Bransje
Helse og omsorg,
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support,
IT utvikling / IT-sikkerhet,
Koordinering

Nøkkelord

it, it-sikkerhet, brukerstøtte, digitalisering, opplæring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Berit Kleppe
Stillingstittel
Rådgiver helse og omsorg
Mobil
45 43 78 60
Kontaktperson
Kjersti Nordanger
Stillingstittel
Kommunalsjef
Mobil
45 60 14 01
Følg firma
169 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 195021420
Sist endret 27. nov. 2020 07:52

Rapporter annonse