Hardanger og Voss museum søkjer ny direktør
- Arbeidsgiver
- Hardanger og Voss museum
- Stillingstittel
- Direktør
- Frist
- 12.11.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Som direktør vil du ha det samla ansvaret for aktiviteten i verksemda. Museet har ei stor geografisk spreiing og stor tematisk breidde. Me ser etter deg som har ei genuin interesse og engasjement for kultur- og museumsdrift og som har erfaring med å leia ei kompleks kunnskapsverksemd med fagleg dyktige og autonome tilsette. Me ønskjer oss ein leiar som viser handlekraft. Du har gjennomføringsevne og likar å samarbeida og ta i bruk dei ressursane du har rundt deg.
ANSVARS- OG ARBEIDSOPPGÅVER:
- Samla ansvar for aktiviteten i verksemda inklusiv overordna planar, strategiar og styringsdokument
- Administrera organisasjonen og følgja opp dagleg drift
- Saksførebuing, samarbeid med og rapportering til styret
- Personalansvar
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Informera og samhandla med styresmakter på alle forvaltningsnivåa
- Representera museet i ulike samanhengar
- Noko reising må påreknast
ØNSKA KVALIFIKASJONAR:
- Erfaring med tilsvarande rolle og leiaransvar
- God økonomi- og organisasjonsforståing
- Kjennskap til kultur- og museumsdrift er ein føresetnad
- Erfaring med sakshandsaming og styrearbeid
- Leiarerfaring frå kunnskapsorganisasjonar er relevant
- Høgare utdanning, helst i kulturhistoriske fag
- God kjennskap til kultursektoren og politisk påverknad
- Gode relevante nasjonale og internasjonale nettverk
- God språkkunnskap i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Visjonær og utoverretta leiar
- Lyttande og empatisk
- God samarbeids-, avgjerds- og gjennomføringsevne
Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning.
Arbeidsstad vil vera ved ein av instituasjonane våre, enten i Norheimsund, på Voss eller Utne.
For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevar Else-Margrete Liknes Overøye, tlf. +47 969 11 135, rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 eller styreleiar Lars Mossefinn tlf. 917 10 522.
Vis interesse for stillinga med å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.
Søknadsfrist: 12. november – søknader vert vurdert fortløpande.
Tiltreding: Etter nærare avtale.
Om arbeidsgiveren
Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum samansett av institusjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.
Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eitt av dei fåreine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionsmuseum for dei fire Hardangerkommunane og Voss herad.
- Nettverk
- Sektor
- Organisasjoner
- Sted
- Museumsvegen 36, 5778 Utne
- Bransje
- Kunst og kultur,
- Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Økonomi og regnskap
Nøkkelord
organisasjon, stiftelse, kulturhistorie, museum, historie
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Else-Margrete Liknes Overøye
- Stillingstittel
- Rådgiver
- Telefon
- 96 91 11 35
- Nettverk
- Kontaktperson
- Jan Tore Hamnøy
- Stillingstittel
- Rådgiver
- Telefon
- 41 10 22 00
- Nettverk
- LinkedIn Twitter
Museumsvegen 36, 5778 Utne