Utløpt

Trainee HR Ansattsenter

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Traineeprogrammet i staten: Saksbehandlar HR ansattsenteret
Frist
19.10.2020
Ansettelsesform
Trainee
Bli kjent med Forsvarsbygg

Denne stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten, og er kun for deg som har nedsatt funksjonsevne og/eller hol i CV, samt høgare utdanning frå universitet eller høgskule. For å bli vurdert til stillinga må du bekrefte at du er i målgruppa ved å krysse av for nedsatt funksjonsevne eller hol i CV i Webcruiter. Søkarar med hol i CV skal bekrefte at dei på søknadstidspunktet har vore utanfor arbeid, utdanning eller opplæring i minst to av dei siste fem åra. Fråværet må ha vore ufrivillig. For søkarar med nedsatt funksjonsevne må ein ha behov for tilrettelegging. Som ein del av traineeprogrammet vil den som vert tilsett automatisk delta i eit obligatorisk medarbeidarutviklingsprogram, saman med ein utnemnd mentor. Stillinga er ei midlertidig stilling på 1 år, med mogelegheit for forlenging ytterlegare 1 år. Stillingsprosenten er primært 100%, men med mogeglegheit for justering dersom behov for dette.

Vi har behov for å styrke vår bemanning innanfor administrative HR tenester. Vi søker deg som har interesse for administrative rutineoppgåver og som har eit auge for detaljar.

Du vil bli ein del av vårt landsdekkande ansattsenter i Forsvarsbygg sin HR- seksjon. Ansattsenteret leverer tenester innanfor lønn, reise, personaladministrasjon, anmodende myndighet (personellsikkerheit) og refusjonar. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar ansattsenteret.  Arbeidsstad vil vere Harstad.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentleglova - jamfør særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og om traineeprogrammet i staten på https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/traineeprogrammet-i-staten/til-deg-som-onsker-bli-ansatt-gjennom-traineeprogrammet

Arbeidsoppgåver

  • Administrative oppgåver innanfor saksbehandling av personellsikkerheit, personaladministrasjon, reise og refusjon 
  • Arkivering
  • Motta og handtere førespurnader på servicedesk 
  • Journalføring
  • Kontroll av dokument
  • Andre pålagde oppgåver som er nødvendig, for at avdelinga skal kunne levere avtalt resultat

Kvalifikasjonar

  • Må ha:
    • Relevant bachelorgrad eller anna høgare utdanning på tilsvarande nivå   
    • IKT-kunnskapar innan støtteverktøy og MS-produkt
    • Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg/NATO Secret 
  • Ønskeleg:
    • Erfaring frå saksbehandling 
    • Kjennskap til Agresso eller tilsvarande personalsystem
    • Erfaring med personellsikkerheit
    • Gode språkkunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig 
  • Strukturert og evner å jobbe planmessig
  • Serviceorientert
  • Initiativrik og tek ansvar
  • Omgjengeleg og samarbeidsorientert 

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent (kode 1408) frå kr. 449 300 til kr. 552 800 (ltr. 50-62) avhengig av kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse, herunder gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Sted
6.div gt 12, 9406 Harstad
Bransje
Eiendom,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Saksbehandler,
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

Administrasjon, HR, Kontor, Saksbehandler, Sikkerhet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ida Marie Kleming
Stillingstittel
Avdelingsleiar ansattsenteret
Telefon
97 14 73 60
Følg firma
2966 følger dette firmaet

6.div gt 12, 9406 Harstad

Annonseinformasjon

FINN-kode 193864487
Sist endret 5. okt. 2020 14:39

Rapporter annonse