Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane søkjer avdelingsdirektør kunst

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Avdelingsdirektør kunst
Frist
10.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Vår avdelingsdirektør er ein erfaren og operativ leiar med god organisasjonsforståing og sterk gjennomføringsevne. Du har erfaring frå å leie kunnskapsbaserte kompetansemiljø både administrativt og fagleg, og kan vise god forståing for vårt samfunnsoppdrag.


Til å leie kunstfeltet i stiftinga søkjer vi deg som er handlekraftig og nytenkande, og som ser verdien av nettverksbygging for å oppnå resultat og målsettingar. Vi ønskjer deg som kan legge til rette for tverrfagleg samarbeid, er dyktig på tidsriktig formidling og kan være med å utvikle og posisjonere Musea i Sogn og Fjordande.


Relevante kandidatar har høg kunstfagleg kompetanse. Vi søker deg som er trygg, tydeleg og synleg til å leie ei avdeling med kompetente og motiverte tilsette.


Avdelingsdirektør kunst sit i leiargruppa og rapporterer til administrerande direktør.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Visindi ved Roy Tore Lysen Jensen på tlf. 909 20 447 og Tonje Støver Knutsen på 477 10 611. All kontakt vil bli behandla konfidensielt, om ønskjeleg også opp mot oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden sendast snarast og senast innan 10.11.2020 via "stillingar" på Visindi.no. Søknader vil bli behandla fortløpande. Stillinga er omfatta av Offentleglova. 

Om arbeidsgiveren

Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) er med i det nasjonale museumsnettverket, og er eit av ti konsoliderte museum i Vestland fylke. MiSF si oppgåve som er å dokumentere, forske på og formidle natur-, kulturarv og kunst. I 2019 hadde MiSF eit samla besøkstal på om lag 58.000 besøkande.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) er ein del av MiSF. SFKM ligg i Førde sentrum i eit bygg som har fått ein internasjonal pris for sin særprega arkitektur. Kunstmuseet syner basisutstillingar frå samlingane, og skiftande utstillingar med samtidskunst. Samlinga er på over tusen verk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet og fram til i dag, med hovudvekt på tida etter 1970. SFKM har driftsansvaret for Astruptunet og Eikaasgalleriet. SFKM har også ansvar for ein regional kunstsenterfunksjon

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1 A, 6800 Førde
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Art director,
Ledelse

Nøkkelord

kunst, avdelingsdirektør, ledelse, organisasjonsforståelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roy Tore Lysen Jensen
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
909 20 447
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Tonje Støver Knutsen
Stillingstittel
Rådgiver - research og analyse
Telefon
477 10 611
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
472 følger dette firmaet

Storehagen 1 A, 6800 Førde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 193638070
Sist endret 19. okt. 2020 14:03

Rapporter annonse