Utløpt

Fastlegeheimel kombinert med LIS3 stilling ved Øyane DPS

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fastlegeheimel kombinert med LIS3 stilling ved Øyane DPS
Frist
21.10.2020
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi ønskjer å betre samhandlinga mellom Øyane DPS og kommunane og har etablert programmet Samskaping i Vest. Programmet inneheld fleire prosjekt der eit av disse er kombinerte stillingar mellom Øyane DPS og kommunane Askøy og Øygarden. Vi lyser no ut 50% fastlegeheimel i henholdsvis Askøy kommune og Øygarden kommune, begge kombinert med 50% stilling som LIS3 ved Øyane DPS. Startdato etter nærare avtale.

Legane vil kunne starte spesialiseringsløp innanfor både allmennmedisin og psykiatri.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Vi er lokalisert på Straume om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Øyane DPS har sektoransvar for Askøy og Øygarden kommune med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år.

Legegruppa ved Øyane DPS består av 5 overlegar/konst. overlegar, 3 LIS 3 og LIS 1. Gruppa møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både lineleiar og klinikkdirektør. Stillinga er knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk der vi i tillegg til sjølvstendig utgreiing og behandling samarbeider i tverrfaglege team og med ambulant akutteam (AAT). Øyane DPS ønskjer å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning.

I Askøy kommune vil fastlegeheimelen vere lokalisert ved Fenring legesenter, som ligg sentralt på Helsetunområdet, Kleppestø. Legesenteret er eit moderne godt utstyrt legesenter med 8 fastlegar og ein LIS1 lege. Legane har husleigeavtale med kommunen. Legesenteret nyttar Infodoc journalsystem og er oppdatert med det siste innan digital kommunikasjon. Sjå gjerne heimesida www.fenring.no

I Øygarden kommune vil fastlegeheimelen vere lokalisert ved Medicus helsesenter, som ligg sentralt på Straume. Legekontoret har i dag 5 fastlegar og ein LIS1 lege. Legesenteret nyttar Infodoc journalsystem og er oppdatert med det siste innan digital kommunikasjon. Sjå gjerne hjemmesiden www.medicushelsesenter.no
Begge fastlegeheimlane vil vere nyetablerte lister med listetak på 600 pasientar. Listene vert drive som sjølvstendige næringsdrivande, og kommunane vil yte økonomisk bistand i etableringsfasen. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid knytta til avtaleverket for fastlegeordning
  • Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste polikliniske pasientar
  • Arbeid i tverrfagleg team og ambulant akutteam

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført turnustjeneste/ LIS1
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og språkkunnskap

Særlige krav knytta til stillinga 
Ein gjer merksam på at det er krav om politiattest ved tilsetjing (Helsepersonelloven §18 og §20 a). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknadspapira, men leggjast frem ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Erfaring fra fastlegepraksis og fra psykiatrisk sykehus vektlegges.
  • Personlig egnethet og evne til samarbeid vil bli vektlagt.
  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for dine pasientar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Kommunene legger til rette for et godt fagmiljø med jevnlig fagforum i regi av kommuneoverlegen
  • Veiledningsordning vil bli etablert i forbindelse med spesialisering både i allmennmedisin og psykiatri.
  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS,
Lege / Psykiater,
Lege / Allmennmedisin

Nøkkelord

DPS,, fastlege,, LIS,, allmennmedisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Inge Stigen
Stillingstittel
Kommuneoverlege Øygarden
Telefon
99 62 66 26
Kontaktperson
Kristin Cotta Schønberg
Stillingstittel
Kommuneoverlege Askøy
Telefon
93 06 49 54
Kontaktperson
Amy Bruvik Næss
Stillingstittel
Askøy kommune, leiar samfunnsmedisin
Telefon
93 43 54 97
Kontaktperson
Liv Åse Dybdal
Stillingstittel
Klinikkdirektør Øyane DPS
Telefon
56 32 66 55
Kontaktperson
Agnete Fossbakk
Stillingstittel
Forskings- og fagutviklingsleiar/ Overlege
Telefon
56 32 66 36
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 193412910
Sist endret 1. okt. 2020 17:39

Rapporter annonse