Utløpt

Ønsker du å jobbe som eksamenskonsulent ved Psykologisk institutt?

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Eksamenskonsulent
Frist
15.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, søkjer førstekonsulent (SKO 1408)/ seniorkonsulent (SKO 1363) til fast stilling som eksamenskonsulent.
Den som blir tilsett vil få ansvaret for eksamensadministrasjon knytt til bachelor- og masterprogramma innan psykologi.

Stillinga vil inngå i instituttet sin studieseksjon med 8 tilsette og føreset eit tett samarbeid med dei emneansvarlege og dei andre i studieadministrasjonen.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsamingsoppgåver knytt til eksamen og kvalitetssystemet ved instituttet
  • Registrering av eksamensresultat og behandling av klagesaker
  • Eksamensplanlegging
  • Oppfølging og registrering av obligatoriske aktivitetar
  • Noko rettleiing av studentar
  • Organisering av seminarane på førsteårsemner
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga avhengig av kapasitet, behov og kompetanse

Kvalifikasjonskrav 
  • Høgare utdanning på minst bachelornivå 
  • Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom kandidaten kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
  • Relevant arbeidserfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Kompetanse som kan være ein fordel:
    • god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy, mellom anna Felles Studentsystem (FS), Inspera, TP og ePhorte
    • kjennskap til offentleg forvaltning
  • Vi legg vekt på at personen høver i stillinga

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, nøyaktig, effektiv og systematisk
  • Gode samarbeidsevner
  • Må kunne tenke langsiktig og være flink til å planlegge
  • Må kunne handtere periodar med høgt arbeidspress

Vi tilbyr
  • Eit aktivt og hyggelig arbeidsmiljø
  • Stilinga vert løna som førstekonsulent (stillingskode1408) med løn frå kr. 464 000 - kr. 513 600 pr.år eller som seniorkonsulent (stillingskode 1363) med løn frå kr. 479 600 - kr. 563 700 pr.år avhengig av kompetanse 
  • Gode velferdsordningar (https://www.uio.no/for-ansatte/ansettelsesforhold/velferd/)
  • Stilling i ei IA-verksemd
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse (https://www.spk.no/)

 

For tilsetjing som seniorkonsulent blir det ein føresetnad at det blir lagt utviklings- og koordinerande oppgåver til stillinga. Dette vil avhenge av kompetansen til den som blir tilsett.


Søknaden skal innehalde
  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift (http://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/personal/ia/) vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


Kontaktinformasjon

 Avdelingsleder Gunnar Malmin, tlf: 22 84 51 17, e-post: g.a.malmin@psykologi.uio.no

Spørsmål om elektronisk søknad: Personalrådgiver Frøydis Gjerpe Bekkedal, e-post: f.g.bekkedal@psykologi.uio.no 


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Sektor
Offentlig
Sted
Forskningsveien 3a, 0317 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
3807 følger dette firmaet

Forskningsveien 3a, 0317 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 193411839
Sist endret 1. okt. 2020 17:29

Rapporter annonse