Utløpt

For deg som er interessert i kontroll av havets ressursar

Arbeidsgiver
Fiskeridirektoratet
Stillingstittel
Inspektør
Frist
18.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FISKERIDIREKTORATET
Om anonyme tilsetjingsprosesser 

Det vert gjennomført forsøk med anonyme søknadar i Staten. Anonymiseringa av søknadane skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Med bakgrunn i anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen vert det utarbeidd statistikk som skal danne grunnlag for Difi si evaluering av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vert ikkje utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentlege søkjerlister og utvida søkjerlister vil gjelde. Denne stillinga er omfatta av forsøket med anonyme søknadar. Det er derfor viktig at du som søkjar registrerar ein uttømande CV i Jobbnorge-profilen din. I samband med val av kandidatar til intervju vil CVen din vere grunnlaget. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.


Om regionen og stillinga 

Fiskeridirektoratet region Midt dekker fylka Møre og Romsdal og Trøndelag. Regionen har ein stor og variert fiskeflåte og fiskeindustri, som står for rundt 1/3 av norsk fiskeeksport. Region Midt har omtrent samme andel av all akvakulturproduksjon i Norge.

Dei marine næringane er i vekst og utvikling. Dette stiller store krav til Fiskeridirektoratet som forvaltar og premissleverandør for ei næring som stadig får ei viktigare samfunnsøkonomisk betyding.

Regionen har i underkant av 40 tilsette fordelt på tre seksjonar. Regionskontoret er i Ålesund og vi har kontorstadar i Trondheim, Rørvik og Kristiansund. Vi har ledig ei fast stilling som inspektør ved kontrollseksjonen, med kontorstad i Ålesund.

Primæraktiviteten ved kontrollseksjonen er kontroll/tilsyn med havressurslova og deltakarlova. Kontrollaktiviteten retter seg først og fremst mot aktiviteten til fiskefartøy og fiskeindustrien. Dette betyr at vi følgjer/kontrollerer fangstane frå dei blir lossa til dei er i butikkane/hjå forbrukerane med ulike metodar. Turistfiske og fritidsfiske fell også inn under vårt ansvarsområde.


Arbeidsoppgåver
  • Operativt arbeid/kontrolloppgåver innanfor forvaltningsområdet, derunder:
    • Risikovurdering og analyse av kontrollobjekt
    • Ilandføring og mottak av fisk
    • Kontroll på sjø
    • Kontroll retta mot uttak av andre marine ressursar
    • Andre oppgåver må også kunne påreknast

 


Kvalifikasjonskrav
  • Fiskerifagleg eller annan relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Særleg relevant erfaring frå fiskeindustrien kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis og teknisk erfaring frå fiskeindustrien vil bli vektlagt
  • Relevant erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn eller kontroll vil vere ønskeleg
  • Gode IKT-kunnskaper (bruk av IKT-verktøy)
  • Gode språkkunnskapar muntleg og skriftleg (norsk og engelsk)

Personlege eigenskapar
  • Vi søker etter ein person med interesse for forvalting og kontroll av marine ressursar som:
    • Er utviklingsorientert
    • Tar initiativ
    • Viser handlekraft
    • Utviser fleksibilitet
    • Har teknisk innsikt
    • Har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr
  • Arbeid med fagleg og samfunnsmessige viktige oppgåver
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er løna som inspektør/seniorinspektør etter staten sitt regulativ frå brutto kr 505.000,- til 575.000,- avhengig av utdanning og tidlegare praksis. Frå brutto lønn vil det bli trekt 2% for lovfesta medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Den som tilsettast må ha førarkort for bil og kunne bruke eigen bil i tenesta. Bilgodtgjersle gis etter staten sine satsar
  • Stillinga inneber vesentleg reiseverksemd 

Nærare opplysningar

Du kan kontakte Elisabeth Dahl ved Personal- og oganisasjonsutviklingsstaben på tlf 90615461.


Om arbeidsgiveren

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.

Vi samarbeider nært med forskingsinstitusjonar, næring og offentlege styresmakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 450 tilsette, noko over halvparten arbeider i dei fem regionane og resten ved hovudkontoret i Bergen.

I Fiskeridirektoratet er det eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssammensetnad, samt å rekruttere personar med innvandrerbakgrunn, personar med nedsatt funksjonsevne og enkelte manglar i CV. Opplysingar om dette kan bli brukt til registreringsformål. Som IA- bedrift vil vi tilrettelegge arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne. Kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppfordrast difor om å søkje.

Sektor
Offentlig
Sted
Parkgata 3, 6003 Ålesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Revisjon og kontroll
Følg firma
901 følger dette firmaet

Parkgata 3, 6003 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 193407850
Sist endret 1. okt. 2020 16:53

Rapporter annonse