Utløpt

Fast stilling som seniorrådgivar i klimaavdelinga

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Vil du bidra til effektiv tilpassing og omstilling til eit klima i endring både nasjonalt og lokalt?
Frist
18.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET
Om stillinga

Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Er du kunnskaps- og utviklingsorientert og ønskjer å jobbe med tilpassing til eit klima i endring, klimaomstilling og klimarisiko? Er du oppteken av ei berekraftig samfunnsutvikling? Taklar du å jobbe med komplekse og samansette saker og kan sjå løysingar på tvers av fagområde? Da er du kanskje den vi ser etter.

Hos oss får du moglegheit til å bidra i utviklinga av klimaarbeidet, i samarbeid med svært kompetente og engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt. Våre medarbeidarar leverer resultat, set arbeidsoppgåvene inn i ein heilskap, sikrar læring og utvikling, og samarbeider godt internt og eksternt.

Seksjon for klimatilpassing og lokale klimatiltak (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/klimaavdelingen/klimatilpasning-og-lokale-klimatiltak/) har 14 medarbeidarar og jobbar med utsleppsreduksjonar og klimatilpassing retta mot nasjonale myndigheiter og kommunal og regional forvalting. Vi rådgjer og støttar Klima- og miljødepartementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing og har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på statleg nivå.

Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av denne stillinga er på Brattøra i Trondheim eller Helsfyr i Oslo.


Stillinga sine hovudansvarsområde
  • vidareutvikle det nasjonale koordineringsarbeidet på klimatilpassingsområdet noko som også inneber samarbeid med relevante styresmakter og forskingsmiljø
  • leie og delta i prosjekt og andre utgreiingsoppgåver innanfor seksjonen og avdelingas oppgåveportefølje 
  • rådgjeving spesielt for Klima- og miljødepartementet (KLD)
  • rettleie i klimaomsyn mot kommunalt og regionalt nivå
  • bidra inn i internasjonalt arbeid
  • bidra inn i seksjonen sitt øvrige klimaarbeid 

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • du har fullført utdanning på minimum mastergradnivå innan samfunnsvitskap, naturvitskap eller innan andre fagområde relevant for klima- og klimatilpassingsarbeid.
  • du har erfaring frå sjølvstendig arbeid innanfor relevante fagområde og gjerne frå tverrfaglege miljø
  • du har kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing, og gjerne samfunnsomstilling og klimarisiko
  • du har gjerne erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og koordineringsarbeid
  • du har gjerne erfaring med utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid og arbeid i eller mot offentleg forvalting
  • du skriv og kommuniserer godt på både norsk og engelsk

Eigenskapar

  • du har god samfunns- og rolleforståing, er analytisk og har god evne til å vurdere heilskap og samanhengar på tvers av tema og fagområder
  • du har interesse for klima, politiske prosessar på klimaområdet og samfunnsutvikling
  • du jobbar sjølvstendig og systematisk og har evne til å levere
  • du er god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort

Vi tilbyr
  • fast stilling som seniorrådgivar med lønn frå kr. 532 300 (ltr. 60) til kr. 667 200 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar, og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no)

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Herdis Laupsa, telefon 930 69 271, e-post:  herdis.laupsa@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til avdelingskoordinator Helle Myrthel Kvalvik, telefon 405 51 311.

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 44-2020 KLK

Søknadsfrist: 18. oktober 2020

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Sektor
Offentlig
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Flere arbeidssteder
  • 0661 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / occupation_engineer_bioengineering,
Samfunnsviter,
Ingeniør / Kjemiingeniør
Følg firma
2609 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 193338082
Sist endret 1. okt. 2020 12:11

Rapporter annonse