Utløpt

Elektroingeniør - prosjektering

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Elektroingeniør - Prosjektering
Frist
25.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Planlegging- og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. 

Vi søker no etter ein dyktig og engasjert elektroingeniør som kan styrke seksjonen vår. Kontorstad er Bergen eller Leikanger. 

Arbeidsoppgåver

  • Dimensjonering og prosjektering av elektriske anlegg i veger og tunnelar for bygging/rehabilitering.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag i form av beskrivelse og teikningar til byggeplan.
  • Bidra med risikovurdering og tiltak for å ivareta el-sikkerheit.
  • Bidra som ressursperson med fagkunnskap innan elektrofag.
  • Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt.

Hos oss kan du forvente

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Ved sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan vi sjå  bort frå utdanningskravet.
  • Ønskeleg med erfaring innan prosjektering av elektrisk anlegg i veg/tunnel eller  bygg/industri.
  • Kjennskap til lover og forskrifter for elektrofaget.
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av verktøy som Autocad, Novapoint, Relux,  Febdok.
  • Du må ha førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Det er viktig for oss at du evner å utføre dine arbeidsoppgåver på ein sjølvstendig og systematisk måte, og bidrar inn i teamet og arbeidsmiljøet med kompetanse og kollegastøtte. Me ønsker oss ein kollega som har stå-på-vilje, er positiv, og resultatorientert. Sidan stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og kan bygge tillit. 

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar prosjektering Annicke Bergh Monsen på telefon; 92237372.

Anna generell informasjon

Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Sted
5254 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Ingeniør

Nøkkelord

elektro,, samferdsle,, veg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Annicke Bergh Monsen
Stillingstittel
Leiar
Telefon
92 23 73 72
Følg firma
1075 følger dette firmaet

5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 193143811
Sist endret 29. sep. 2020 10:04

Rapporter annonse