Utløpt

Prosjekteringsleiar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Prosjekteringsleiar
Frist
25.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Planlegging- og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. 

Vi søker no etter ein dyktig og engasjert prosjekteringsleiar som kan styrke seksjonen vår. Kontorstad er Bergen eller Leikanger. 

Arbeidsoppgåver

  • Prosjekteringsleiar har ansvar for utarbeiding av konkurransegrunnlag i form av beskrivelse og modell/teikningar til byggeplan ved bruk av interne eller eksterne ressursar.
  •  Innhente, kvalitetsikte, følgje opp og koordinere faglege delbidrag og ressursar som er nødvendige for prosessen.
  •  Bidra som ressursperson med fagkunnskap innan vegfag.
  •  Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt.

Hos oss kan du forvente

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. 
  •  Erfaring som prosjekteringsleiar for vegprosjekt. Det er en fordel med erfaring frå prosjektering og dimensjonering av veganlegg, herunder veg- og gateutforming og handtering av overvatn. 
  • God kjennskap til Statens vegvesens handbøker.
  • Vi vektlegg kjennskap til prosjekteringsverktøy (AutoCAD, Novapoint, m.fl.)
  • BIM-kompetanse.
  • Du må ha førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Det er viktig for oss at du evner å utføre dine arbeidsoppgåver på ein sjølvstendig og systematisk måte, og bidrar inn i teamet og arbeidsmiljøet med kompetanse og kollegastøtte. Vi ønsker oss ein kollega som har stå-på-vilje, er positiv, og resultatorientert. Sidan stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og kan bygge tillit. 

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar prosjektering Annicke Bergh Monsen på telefon; 92237372.

Vi tilbyr

Anna generell informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Sted
5254 Sandsli
Bransje
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging

Nøkkelord

prosjektering,, prosjekteringsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Annicke Bergh Monsen
Stillingstittel
Leiar
Telefon
92 23 73 72
Følg firma
1075 følger dette firmaet

5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 193138150
Sist endret 29. sep. 2020 08:59

Rapporter annonse