Utløpt

Lærar Lye ungdomsskule

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Lærar Lye ungdomsskule
Frist
06.10.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Time Kommune
Det er ledig 100 % vikariatstilling som lærar ved Lye ungdomsskule frå 01.02.21.

Arbeidsoppgåver

Jobben inneber å vera kontaktlærar på ungdomstrinnet og å undervisa i faga norsk og engelsk. Andre fag kan òg vera aktuelle. 

Kvalifikasjonar

Allmennlærar, GLU 5-10. Utdanning i faga norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Me ønsker lærarar som har god fagleg og pedagogisk kompetanse, og som ønsker å arbeida og utvikla seg i ein skule der samarbeid og kollegial utvikling står sentralt. Viktige personlege eigenskapar er gode evner til samarbeid, tålmod, kunne jobba sjølvstendig, vera fleksibel og god på relasjonar.
Du må ha eit stort engasjement for elevane. 

Me tilbyr

Ein spennande jobb i eit godt og inkluderande miljø. Lye ungdomsskule har 20 tilsette, og 118 elevar med to klassar på kvart trinn. Skulen stod ferdig i 1996, og har alt på eitt plan. Me har sambruk med Lye skule ift idrettshall og andre spesialrom. Skulen ligg flott til i Lyebygda rett ved idrettsanlegget.

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
kvartsvegen 5A, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Aga
Stillingstittel
rektor
Telefon
51 77 83 71
Følg firma
605 følger dette firmaet

kvartsvegen 5A, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 193063867
Sist endret 2. okt. 2020 07:18

Rapporter annonse