Utløpt

Helsefagarbeidar 100% fast - Luranetunet Buavdeling II

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% fast - Luranetunet Buavdeling II
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Luranetunet har ledig 100 % fast stilling frå snarast

Luranetunet rommar 2 kortiidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdeling. Luranetunet sin visjon er "Varme og vekst i samspel". Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette, og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleva, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gje til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Ute har vi sansehage med høner, kaninar, lysthus, bærbuskar, tre og planter. Ønskjer du meir informasjon om Luranetunet, viser vi til heimesida vår; bjornafjorden.kommune.no

Buavdeling II

Buavdelinga i 2. etg er ein omsorgsbustad med 16 langtidsplassar. Avdelinga har fokus på kva som er viktig for den enkelte brukaren. Vi arbeider tverrfagleg med pasient og pårørande i fokus. Pleiegruppa er sett saman av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi samarbeider også tett med andre yrkesgrupper som kommunale ergo- og fysioterapitenester og lege. Vårt mål er å gje kvalitativt gode tenester tilpassa den einskilde sine behov. Avdelinga ligg i 2. etasje og har tilgang til både utvendig sansehage og vår nye flotte innandørs Tropehage og med lett tilgang til treningsrom. Vi kan tilby eit godt og fagfokusert arbeidsmiljø. Du som søker jobb hos oss må lika å jobba innan ulike fagfelt, like utfordringar og ha godt humør.

Arbeidsoppgåver

- Ansvar i samsvar med delegert mynde

- Aktivt bidra til å utvikla eit tenestetilbod i tråd med gjeldande lovverk, avdelinga og kommunen sin ideologi og verdisyn

- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester

- Syta for at brukarane får dei tenestene og det tilbod dei har fått tildelt gjennom vedtak.

Kvalifikasjonar

- Autrisasjon som helsefagarbeidar

- God datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil vera ein fordel

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne

- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

Vi ønskjer deg som:

- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner

- Er løysingsorientert og fleksibel

- Har eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg

- liker miljøterapeutisk arbeid og ønskjer å skapa gode stunder for våre eldre

- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag

- Er positiv, kreativ og løysningsorientert.

Vi tilbyr

- 100 % fast stilling i turnus med arbeid kvar 3. helg.

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

- Variert og spennande arbeidsplass med godt fagmiljø.

- Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Ser fram til å høyra frå deg !

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elena Larsen
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
56 57 57 30
Mobil
95 27 44 42
Kontaktperson
Hilde Karin Storum
Stillingstittel
fung. einingsleiar
Telefon
56 57 55 80
Mobil
97 67 07 17
Følg firma
481 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 192598458
Sist endret 5. nov. 2020 16:08

Rapporter annonse