Utløpt

Assisterande avdelingsleiar Luranetunet bu- og behandlingssenter avd. Breheim

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Assisterande avdelingsleiar Luranetunet bu- og behandlingssenter avd. Breheim
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Luranetunet rommar 2 kortidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar samt serviceavdeling. Luranetunet sin visjon er "Varme og vekst i samspel". Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, 

pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. 

Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Ute har vi sansehage med høner, kaninar, lysthus, bærbuskar, tre og planter.

Avdeling Breheim

Breheim er ei avdeling med 18 plassar for personar med sjukdomen demens. Dette er ei langtidsavdeling der bebuarane har hatt sjukdomen ei tid. Vi ønskjer å bli kjend med personen bak sjukdomen og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Pleiegruppa er sett saman av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar og lege. Vi samarbeider også tett med andre yrkesgrupper som kommunale ergo- og fysioterapitenester ut frå behov. Avdelinga har turnus med arbeid kvar 3. helg. Ønskjer du meir informasjon om Luranetunet, viser vi til heimesida vår; bjonafjorden.kommune.no eller Facebook sida vår.

Arbeidsoppgåver

-Ansvar i samsvar med delegert mynde

-Avlasta avdelingssjukepleiar og overta ulike oppgåver i avdelingssjukepleiar sitt fråvær

-Aktivt bidra til å utvikle eit tenestetilbod i tråd med gjeldande lovverk, avdelinga og kommunen sin ideologi og verdisyn

-Bidra til å kvalitetssikre tenestetilbodet ved å arbeide for samordning av sjukepleiekompetansen på tvers av  avdelingane

-Vera ein ressursperson i høve til fagleg utvikling og internundervisning

-Syte for at brukarane får dei tenestene og det tilbod dei har fått tildelt gjennom vedtak.

Kvalifikasjonar

- Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar 

- God datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil vera ein fordel

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (B2)

- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.


Eigenskapar

Vi ønskjer deg som:

- har interesse og/eller erfaring med sjukdomen demens

- har gode kommunikasjons og samarbeidsevner

- er ein positiv, motivert og engasjert medspelar

- kan bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø

- evnar å motivera og skapa engasjement blant dei tilsette

- er nytenkande, løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig

- har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag

- er positiv og kreativ.

Vi tilbyr

- 100 % fast stilling

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

- Ein variert og spennande arbeidsplass med et godt fagmiljø

- Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale. 


Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Forhandling,
Sykepleier / Eldreomsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Karin Stourm
Stillingstittel
fung. einingsleiar
Telefon
55 57 55 80
Mobil
97 67 07 17
Følg firma
483 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 192590219
Sist endret 5. nov. 2020 14:52

Rapporter annonse